Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri.

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Thu Mar 23 2000 - 19:13:52 MET

  • Next message: Magnus Marsdal: "dagens innsats"

    >Asgeir Bjørkedal a écrit:
    >
    >> Er det diskutabelt? Tek dommaren feil når han seier:
    >>
    >> 'Clearly Ian Williams and Penny Marshall and their TV teams were mistaken
    >> in thinking they were not enclosed by the old barbed wire fence'.

    Garvik svarte:

    >Det var ikkje det eg sa, eg snakka om LM Magazine som "leftist".

    Men det du sa var følgjande:

    "Spørsmålet om LM Magazine er "leftist", og om soga bak fotografiet det er
    snakk er "a
    simple, but little-known fact" er i høgste grad diskutabelt."

    Om LM er leftist eller ikkje er for meg fullstendig irrelevant. Medan
    spørsmålet om avsløringane er sanne er det einaste som tel.

    Eg er framleis usikker på kva du meiner, sidan du heile tida vrir deg unna
    kjernespørsmålet i saka på same måte som andre forsvarar av ITN.
    Meiner du:

    A) At Thomas Deichmann, Jared Israel, Diana Johnstone, LM samt dommaren i
    rettsaka lyg når dei hevdar at det var TV-teamet som var "inngjerda" og
    ikkje Ficret Alic og dei andre bosniarane.

    eller
    B) At det ikkje spelar noko rolle om ITN iscenesette ein illusjon. (Sidan
    fabrikasjonene deira likevel representerer ein slags høgare sanning?)

    Det ville være fint om du kunne svare klart og tydeleg på det, for fram til
    no verkar det på meg som om du vinglar fram og tilbake mellom desse to
    posisjonane.

    Garvik:
    >Eg ville elles ikkje ta kjeften så full som deg, og kalle ITN sin
    >reportasje "svindel og bedrag", for dette billetet det er snakk om,
    >uttrykkjer noko som var nær røyndomen under den serbiske offensiven og
    >krigen i Bosnia.

    Så det er lov å lyge og forfalske så lengje ein propaganderer for ei høgare
    sanning?

    Garvik:
    >Den "radmagre" (han var truleg fødd slik...), var ikkje aleine. Det
    >fanst mange med same utsjånad i reportasjane frå Bosnia på den tida. At
    >du (og dei du siterer) no freistar å isolere krigen i Bosnia til dette
    >eine biletet, finn eg oppsiktsvekkjande. Når du i tillegg (saman med dei
    >same proserbiske proselyttane) freistar å marknadsføre ein
    >propagandafilm som du truleg ikkje har sett, men som du har full tillit
    >til, blir heile argumentasjonen din lite truverdig. Kvifor blir elles
    >denne filmen først lansert no, ÅTTE ÅR ETTER:

    1. Ficrets Alics utsjånad blir forklart med at han skal ha hatt
    tuberkulose. Eg kan sjølsagt ikkje garantere at det er tilfellet, men det
    er påfallande at ingen av ITN sine forvarar imøtegår desse påstandane hvis
    det ikkje stemmer. (Eg har leita igjennom dei forsvarstalane eg har kome over)

    2. Desse avsløringane har vore kjende i vesten i fleire år utan at dei har
    fått særleg brei pressedekning. Media har kanskje ikkje vore interessert i
    å avsløre sine gamle synder. Eg går ut frå at RTS har forsøkt å spreie sitt
    materiale så godt dei kan. Eg går ut frå at LM-rettsaka er foranledninga
    til at det no blir gjort ein innsats for å spreie filmen.

    3. Du har rett i at eg ikkje har sett filmen, men har ikkje tru på at Jared
    Israel m.fl ofrar sitt gode navn og rykte på den dersom det ikkje finns
    substans i den.

    4.Thomas Deichman sine avsløringar var uavhengige av RTS sine opptak, men
    byggjer i stor grad på ITN sitt råmateriale.

    5. Eg prøvar på ingen måte å "isolere krigen i Bosnia til dette eine
    bildet". Eg oppfatter det heller ikkje slik at NOVO,LM, Diana Johnstone
    eller Jared Israel prøvar å gjere det. Men det kan heller ikkje være tvil
    om at dette bildematerialet var viktig og effektfullt. Utdrag frå
    LM-artikkelen:

    On her return, Penny Marshall wrote in the Sunday Times that 'Jeremy Irvin,
    our cameraman, knew he had come away with powerful images from Prijedor,
    but only when we screened them in our Budapest editing suite did we begin
    to sense their impact'. Ed Vulliamy summarised this impact in his book,
    Seasons in Hell: 'With his rib-cage behind the barbed wire of Trnopolje,
    Fikret Alic had become the symbolic figure of the war, on every magazine
    cover and television screen in the world.' (p202) Mike Jeremy, foreign
    editor of ITN, later called the picture 'one of the key images of the war
    in former Yugoslavia' (Independent, 5 August 1993).

    6.Men LMs artikkel og rettsaka derimot handlar kun om denne konkrete saka:
    Var bileta ein fabrikasjon eller ikkje, det er det som er spørsmålet her.
     

    Garvik:
    >Det er då ganske ufatteleg at dette "scoopet" ikkje har blitt publisert
    >før! Om det var slik at biletet til Ian Williams and Penny Marshall
    >"førde til fleire tusen døde og store lidingar for millionar av
    >menneske" som det blir påstått ovanfor, måtte det vel vera ei prioritert
    >oppgåve å få ut "mot-reportasjen" for lenge sidan. Kva har det serbiske
    >fjernsynet (RTS) rota med alle desse åra? Kan det tenkjast at "JUDGMENT"
    >(eg veit ikkje kvifor titelen er feilstava) også er "fabrikkert", dvs.
    >fiksa på, og klipt saman på ein måte som gjer historia truleg? Var det
    >fordi det tok SJU-ÅTTE år før nokon kom på denne ideen, at filmen blei
    >"forseinka"? Eg stiller berre desse spørsmåla, som alle med litt kritisk
    >sans må stille. Eg er sjølvsagt ikkje i stand til å dokumentere dette,
    >fordi eg ikkje var i Bosnia på den tida.
    >

    For det første er "judgment" korrekt stava, sjølv om Garvik kanskje ville
    føretrekkje at dei skreiv "judgement". Men det er uansett ein noko patetisk
    avleiingsmanøver når Garvik prøver å irettesetje folka på emperors-clothes
    for måten dei brukar morsmålet sitt på. Forøvrig veit eg ikkje kvifor du
    skriv titelen i staden for tittelen, men eg ser ikkje noko mistenkjeleg i
    det. :)
     
    Eg kan ikkje gå god for filmen, men meinar likevel det er på sin plass å
    "reklamere" for han så kan folk sjølv finne ut kven som bløffar.
    Klassekampen burde i alle fall ofre 150 kroner for et eksempel og skrive om
    innhaldet.

    Når det gjeld Garvik sine synspunkt på klassekampen si dekning, så er eg
    grunnleggande ueinig: Det må være sjølsagt at KK omtaler alle avsløringar
    om NATO sine radioktive og giftige våpen. Sjøl om VG også skriv om det.
    Og et soleklart standpunkt mot NATO sitt angrep på Jugoslavia er etter mitt
    syn like sjølvsagt, hadde KK prestert vakle på det så hadde ikkje eg lenger
    vore abbonent.

    Og å kritisere serberane som ikkje dreiv opposisjonsarbeid under krigen,
    det blir berre for dumt!

    Eg rota til ein link igjen. CNN sine "psyops" ligg her:

    http://www.worldnetdaily.com/bluesky_exnews/20000303_xex_army_psyops_shtml

    Asgeir Bjørkedal



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 23 2000 - 19:17:02 MET