Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri.

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Mar 24 2000 - 14:21:30 MET

  • Next message: Oddmund Garvik: "Re: Summerhill"

    Per Ursin a écrit :
     
    > Viser bildet sannheten eller ikke?

    Biletet illustrerer noko som var ein realitet i Bosnia, sjølv om det
    ikkje viser sanninga i den forstand at det er eit "impresjonistisk"
    bilete.

    > Jeg har delvis fulgt med denne diskusjonen mellom Oddmund Garvik
    > og Asgeir Bjørkedal om LM fortjener den dommen de har fått.

    Eg har alt sagt at rettsaka var unødvendig, sjølv eg samtidig forstår at
    ITN treng å kvitte seg med inntrykket av å vera "fuskarar" som heng att
    i kjølvatnet av "avsløringa".
     
    > I utgangspunktet mener jeg at det er galt når et tidsskrift blir slått
    > konkurs på en slik sak. Har en mistanke om at det var hele hensikten.
    > Tilliten til det engelske rettsvesen er ikke større fra min side.

    Eg er samd i at rettssaka er forkasteleg særleg i dette perspektivet. Eg
    veit ikkje om det var formålet/hensikten. Engelsk rettsvesen er vel som
    andre rettsvesen i Europa. Domane går i alle retningar, sjølv om
    domstolane sin klassekarakter er nokså lett å få auge på.

    > Synes disse to aktørene i denne saken er preget av det synet
    > de har på saken fra før.

    Det er heilt "normalt". Det er difor me diskuterer. Og som eg sa
    tidlegare: "Objektive" bilete er ikkje-eksisterande.

    > Sannhetsverdien fra propagandamaskineriet er ofte ikke stor.
    > Det er ikke hensikten heller. De informatorer som påberoper
    > seg nøytralitet som f.eks. NRK viser det seg etterpå at de er
    > utsatt for samme propagandaen og greier ikke (eller vil ikke)
    > å være nøytral. De har valgt side i utgangspunktet og tar hensyn
    > til dette når de "informerer". I ettertid må de innrømme dette
    > for å bevare sin troverdighet. Håper på at det blir glemt til
    > neste gang. Da kan de på nytt opptre som "sannhetsvitne".

    Nøytrale media finst heller ikkje. Ein er nøydd til å sjå både her og
    der, gjera sitt eige utval, og freista finna fornuftige forklåringar på
    det som skjer. Det som er "fornuftig", kan variere frå den eine til den
    andre, og då kjem nokre trekkjande med "klassestandpunktet" som
    avgjerande faktor. I den verda me lever i, blir til og med
    "klassestandpunktet" noko uklårt som rettesnor, bortsett frå i svært
    polariserte situasjonar. I høve til krigane i det tidlegare Jugoslavia
    er "klassestandpunkt" heilt ubrukeleg i vurderinga av dei forskjellige
    sidene. Det blir i beste fall berre vagt og nokså tåkeleggjande.

    > Problemet for meg når jeg prøver å ta stilling til saken som
    > diskuteres, om dommen er rettferdig, ender opp med hvem skal
    > jeg stole på. Hva er som er fakta overskygges av at begge har
    > valgt side på forhånd og bruker denne saken for å forsvare sitt
    > syn. Det synes jeg debattantene glemmer. De bringer ikke mye
    > ny "sannhet" inn i diskusjonen.

    Du får stole på deg sjølv, og vera mindre oppteken av "sanninga".
    Detaljar er ikkje alltid så interessante i seg sjølv, og "sanninga" er
    for det meste relativ.
     
    > For ordens skyld. Jeg er ikke nøytral, jeg var mot NATO-bombinga.
    > I ettertid har det ikke kommet fram så mye "sannhet" at jeg har
    > endret standpunkt, tvert i mot.

    Eg er sjølvsagt ikkje samd med deg, men respekterer standpunktet ditt!

    > PS. Er begge parter enig med dommeren at bilde var arrangert?
    > Jeg oppfatter dette som et faktum.

    Biletet var kanskje arrangert, kanskje ikkje, og kanskje ikkje i det
    heile teke på same måten som Deichmann/LM/RTS hevdar. Eg var der ikkje,
    men for meg er det som sagt eit underordna spørsmål ettersom det på
    INGEN MÅTE endrar soga om krigen i Bosnia. Biletet spela ei ubetydeleg
    rolle i den påståtte demoniseringa av serbarane. Denne demoniseringa
    sørgde Milosevic-regimet m/lakeiar sjølve for med politikken og
    ugjerningane sine, like til det nasjonale dilirium som enda med krig i
    den "serbiske vogga" i Kosovo. Det må då vera grenser for
    historieforfalsking!

    Dei som verkeleg var demoniserte i det tidlegare Jugoslavia var etter
    slovenarane og kroatane som reiv seg laus, dei bosniske muslimane og det
    kosovoalbanske fleirtalet i det serbiske "Dovre". Voilà, i det minste ei
    "sanning"! Fleire tusen måtte bøta med livet i dette skitne maktspelet
    som Milosevic-regimet i årevis har stått bak!

    Oddmund Garvik

    -- 
    "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
    Echelon!"
    



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 24 2000 - 14:28:46 MET