Lovtale til det ureine i politikken

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Sat Mar 18 2000 - 08:26:31 MET

  • Next message: Oddmund Garvik: "Rettssak mot det engelske magasinet LM"

    Laurdag morgon oppdaga eg at eg diverre kom til å sende den nestsiste
    versjonen av det siste innlegget mitt. Det er eit par setningar i
    tillegg i den endelege versjonen som kjem her:

    Er det det politisk ureine som ikkje fell i smak hjå visse menneske, og
    visse deltakarar på forumet? Desse som no i det siste har bruka tida på
    å stikke banderilleros i ryggjen på KVJ. Er det ikkje den eine, så er
    det den andre. Eriksen har rettvist kalla dei stil-jesuittar, dei som no
    honningaktig hevdar at dei ikkje vil stengje ute nokon som helst,
    samstundes med at dei held fram med å syte. Stil er kanskje eit sterkt
    ord, for dei manglar heilt stil..

    Eg høyrer vel også til ein av desse ureine i politikken. Lat oss t.d. ta
    krigen i Kosovo. I utgangspunktet var det nesten gitt at alle skulle
    hamne i den eine leiren - "deira leir" - den radikalt anti-amerikanske
    leiren. For slik skal det helst vera. Kvar dag skal ein lire av seg sin
    del av den "venstreradikale" leksa, sitere katekismen, og vera rein.

    Eg får ikkje til dette. Eg kjem aldri til å få det til.

    Eg uttrykte for snart eit år sidan tvilen min. Eigentleg tykte eg at
    alle løysingar var dårlege, inkludert Nato-intervensjonen. Men når det
    kom til stykket, meinte eg at det aller verste var å halda fram med å la
    Milosevic utrydde det kosovoalbanske folket. Mellom den etniske krigen
    til Milosevic i Kosovo, og krigen til dei ikkje perfekte demokratia våre
    mot Milosevic, valde eg å ikkje løyne noko som helst av mine innerste
    kjensler - eg skreiv at eg var for intervensjonen i Kosovo.

    Den reine fungerer ikkje på same måten. Han gjer vala sine i høve til
    eit eller anna fjernt revolusjonært ideal, som går ut på å vone at verda
    blir uleveleg, slik at den saliggjerande revolten endeleg ein dag
    blir fødd.

    Eg vonar ikkje at verda blir uleveleg. Eg er urein. Eg tvilar på om ein
    revolt som er provosert fram av grusomme tilstandar, vil gi opphavet til
    ein revolusjon som får i stand ein definitiv orden i kaoset i denne
    verda.

    Eg trur ein må freista å organisere verda på best mogleg vis, med minst
    mogleg liding, og, utan å gi avkall på dei store prinsippa om
    menneskerettane, fylgje linja om minst mogleg katastrofer. Eg innrømmer
    til og med at eg vonar det ikkje kjem nokon definitiv orden, ei perfekt
    verd. For meg er det reine i politikken ei line som går frå Hitler til
    Pol Pot.

    Eg innrømmer til og med at eg føretrekk det som Jospin her i Frankrike
    representerer, framfor det som Chirac og Balladur representerer, Barak
    framfor Netanyahou, og til og med Giscard d'Estaing framfor Pinochet. Eg
    kjenner ikkje nyansane i den norske politikken lenger, og gir meg ut på
    noko veging av den eine, eller den andre. Eg har likevel ikkje vanskar
    med å stille meg svært skeptisk til den nye eliteregjeringa.

    På kva slag måte skulle dette skjera bort den kritiske sansen? Er
    løgnene for den gode saka si skuld, blindskapen til aktivistane,
    katekismene til "venstresida", verkty til å bli klok av? Hadde det vore
    slik, hadde vel alle vore der...

    Ingenting av dette kan vera tabu.

    Om ein vil utvikle ei effektiv, kritisk venstreside - og det er ikkje
    noko anna eg vil - må ein nødvendigvis utrykkje nyansar, sjølv om ein
    med dette bryt nokre gode gamle vanar. For kor elles finn ein brotstykke
    av sanning andre stader enn i det uendeleg subtile spelet omkring
    nyansar? Dette er både ei plikt om ein vil bli teken alvorleg, og somme
    tider også ei intellektuell glede i seg sjølv.

    Før eg seier god kveld, får eg kanskje sitere Vladimir Jankélévitch, som
    samanfattar betre enn eg gjer, det eg ville seia: "Dei menneskelege
    vilkåra i den moderne tida er dissonans. Ein kan ikkje samle alt ein er
    glad i og som ein respekterer, i ein einaste idé, i ein einaste leir,
    under eit einaste flagg. (...) Verdihimmelen er ein sundriven himmel, og
    det flerra livet vårt er eit bilete av denne sundrivne himmelen."

    Oddmund Garvik



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sat Mar 18 2000 - 08:32:59 MET