Gasskraft - her eller der?

From: Jon Hareide Aarbakke (Erasmus@operamail.com)
Date: Tue Mar 14 2000 - 12:09:22 MET


Eit poeng som eg nærmast ikkje har sett i debatten er dette:
Etter mi forståing må det beste vere å brenne gassen der spillvarmen kan
nyttast til noko fornuftig. Sjølv det beste verket har i dag ein virkningsgrad
på omlag 50%; resten er fyring for kråkane (dette gjeld sjølvsagt for
kullkraft også, dvs for kull er talet lågare).
Det som verkeleg får ned CO2-utsleppa er då å legge eit lite gasskraftverk
lokalt og nytte spillvarmen til å _erstatte_ oppvarming med olje etc.
I lys av dette verkar debatten her heim rett og slett idiotisk - er vi her ved
ein offentleg dumheit av den typen KVJ rasar mot, eller har eg oversett noko?
(PS gass kan distribuerast relativt greit i røyr eller på kjøl, men det er
mogleg infrastruktur manglar vidare "nedover i Europa" for distribusjon).

Jon

Jon
-------------------------------------------------
This is my mail-address for political discussions
-------------------------------------------------



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:35 MET