Skal vi berre stå og sjå på?

From: Viktor Stein (viktorstein@hotmail.com)
Date: Fri Mar 10 2000 - 10:25:54 MET


   Dette forumet har mang ein gong vore prega av krangling og usemje. Men no
har vi ei sak der eg ikkje kan tenkje meg anna enn at vi alle må vere heilt
ut samde: saka om vaskehjelpa i Trondheim, Sophia Baidoo. På sjølvaste
kvinnedagen 8. mars fall avgjerda til statsadvokat Helge Kaasbøll: saka
legges vekk!
   Eg reknar nmed at alle som les desse websidene, kjenner saka. Eg reknar
med at vi alle er opprørde. Men kva gjer vi så? Skal vi berre stå og sjå på
at ei så himmelropande urettvis avgjerd får passere utan synlege reaksjonar?
Medan vi på venstresida har våre eigne sære usemjer, og mediene skvalpar
over av stoff frå såpeoperaen i Stortinget. - Nei, no må vi få ut fingeren!
Eg foreslår at vi startar ein svær underskriftsaksjon med klar avvisning av
statsadvokaten si avgjerd og med krav til riksadvokaten om at dette blir
omgjort og dei skyldige pilitimennene straffa.
   Vi veit at Sophia Baidoo var i tvil om ho skulle anke saka, ho hadde mist
all tru på rettstryggleik i Norge. No har ho anka, men ho treng støtte. La
oss då vise at det finst folk i Norge - eg vil tru langt dei fleste - som
ikkje finn seg i at urett får trampe fram slik som i tilfellet her.
   Nett i desse dagane er det vist ein film på NRK om rasisme og nazisme i
Sverige. Frå Stavanger vart det sist helg meldt om knivstikking og drapsåtak
på to personar berre fordi dei var mørke i huden. Vi hufsar oss, og
alvorsame kvinner og menn står fram på skjermen og seier at rasisme og
nazisme no må takast alvorleg. Men kva slags signal sender statsadvokat
Kaasbøll til desse brunsvarte miljøa? Eg tenkjer Blücher gliser feitt og
helsar han som deira mann.
   No trengst det ein reaksjon så sterk at riksadvokat Busch får opp augene.
Med mellom anna Bouchiki-saka i friskt minne veit vi at det skal noko til.
   Vener, kva seier de? Eg hadde tenkt å kome attende snart med forslag til
ein oppropstekst. Gode innspel om kva som skal stå i denne, vert teken imot
med takk.
   Viktor Stein
______________________________________________________
Get Your Private, Free Email at http://www.hotmail.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:31 MET