Re: "regn" mm.

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Mon Feb 07 2000 - 21:35:12 MET


Le lun, 07 fév 2000, Karsten Johansen a écrit :

> En meeget vesentlig sak om noe som angår de fleste av oss. Endelig
> er det en meteorolog som tør å si litt om dette tema i Norge.

<klipp>

Dette innlegget var som amerikanarane seier: Right on the mark! Eg
sender vidare ein tabell over temperatur og nedbør som eg kom over:

SLIK VAR JANUAR:

Middeltemperaturen i januar var over normalen i heile landet.
Vintersesongen så langt i Søraust-Norge er ein av dei varmaste sidan
1900. Bortsett frå Søraust-Norge fekk mesteparten av landet meir nedbør
enn normalt for årstida, opplyser DNMI (Det norske meteorologiske
institutt).

Den normalen me samanliknar med er perioden 1961-90.

Gjennomsnittstemperaturen i januar var på Gardermoen minus 2,1 grader
(normalen er minus 7,2), Blindern minus 0,4 minus 4,3), Kjevik pluss
2,0 (minus 1,7), Sola pluss 4,1 (pluss 0,8), Sauda pluss 1,7 (minus
2,0), Bergen pluss 3,6 (pluss 1,3), Værnes pluss 2,0 (minus 3,4), Bodø
pluss 0,4 (minus 2,2), Langnes i Tromsø minus 1,6 (minus 3,8), Vardø
minus 3,1 (minus 5,1) og Svalbard lufthamn Longyearbyen minus 8,5
(minus 15,3).

På Gardermoen blei det i januar målt 39 mm nedbør (normalen er 59),
Blindern 28 (49), Kjevik 117 (121), Sola 130 (92), Sauda 386 (224),
Bergen 378 (190), Værnes 114 (63), Bodø 148 (86), Langnes 224 (92),
Vardø 57 (55) og Svalbard lufthamn 13 millimeter (normalen er 15
millimeter), opplyser DNMI.

Oddmund Garvik

PS: Ein kamerat i Bergen nemnde for meg her om dagen at ein
gjennomsnitts franskmann har 11 år meir sumar gjennom livet sitt, enn
ein gjennomsnitts nordmann, men også her byrjar årstidene å fuske.
Det er varmegrader og bart i nord, medan det er kuldegrader og snø i
sør, til og med på Korsika...
ds.
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:18 MET