Anschluss II

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Feb 03 2000 - 21:38:13 MET


Leiarartikkelen til Philippe Val i "Charlie Hebdo" i går:

Anschluss II: Austerrike invadert av Austerrike.

Haider... Enda meir forunderleg enn hans 30%, er reaksjonen til dei
resterande 70%: "La oss få vera i fred, me er eit suverent land, me gjer
som me vil..." 70% er sjølvsagt ikkje eit eksakt tal, det finst
radikale som er i opposisjon til Haider, austerrikarar som ikkje går på
akkord med prinsippa... Men dei er frykteleg marginale. Det er Haider
sin styrke. Men før me vender attende til Austerrike, la oss ta ein
liten tur attende, til Frankrike, desse ti siste åra.

Då Le Pen var på full fart oppover, blei det oppretta fleire
antifascistiske organisasjonar i Frankrike. Underskriftskampanja for
oppløysing av Fronten samla 176 000 underskrifter. Pressa av opinionen
inntok forskjellige kjende personar, "moralske autoritetar",
standpunkt som var like larmande som velkomne. Så forskjellige stemmer
som aktivistane i Ras l'Front (Lei av Fronten, etter uttrykket ras
l'bol, min merknad) og Alain Juppé gjekk saman for å diskreditere Front
National. Millon (tidlegare forsvarsminister frå UDF, partiet til m.a.
Giscard d'Estaing) som (ved hjelp av stemmene til Front National) blei
vald til leiar av regionstinget i Rhône-Alpes - ein region med
sterke tradisjonar frå motstandsrørsla - kunne ikkje stikke nasen ut av
huset sitt utan å bli fornærma.

Men, kjære lesar, du skal også vita at dette ikkje gjekk heilt av seg
sjølv. Eg skulle kanskje ha tatt vare på alle breva som tok avstand frå
desse handlingane, og som for ein god del kom frå det som er vanleg å
kalle "venstresida". Denne same fraksjonen som så vidt eg veit, stemde
mot Tobin-skatten i Europaparlamentet for 14 dagar sidan. For desse var
ikkje Le Pen hovudfienden, ikkje ein gong høgrekreftene var det, men
"sosialdemokratiet", denne forrædaren som inngjekk avtalar med
storkapitalen. Le Pen var berre ein anekdote som me bles opp og gjorde
altfor viktig. Banaliseringa av rasismen, og brotsverka som fylgde?
Banale hendingar. Dei same meinte at rettsaka mot Papon
(krigsforbrytarsak for ikkje så lenge sidan) berre var ein
kapitalistisk strategi for å snu blikket bort frå dei verkelege
revolusjonære måla. Ein må vera klår over at denne splittinga framleis
eksisterer på "venstresida". At ein ikkje kan forteie ho lenger, og at
ein snart kjem attende til den same splittinga.

For tida reiser eg rundt i Frankrike, og eg møter heile tida mange
aktive og årvakne politiske organisasjonar. I byar så forskjellige som
Foix i Ariège, der den lokale ATTAC-komiteen er svært aktiv,
Bourg-en-Bresse, Tulle i Corrèze, Dijon, Saint-Étienne, har alle desse
gruppene eit felles trekk: Den overveldande majoriteten av dei som er
med, er alle demokratar og republikanarar som korkje drøymer om Stalin
eller Pol Pot. Sjølv om dei er radikalt til venstre, sjølv om dei er
kritiske til den aktuelle regjeringa, sjølv om dei er mot ei form for
globalisering som nærmar seg vanleg bandittisme, er dei ikkje mindre
overtydde om at den individuelle fridomen, plikta til å minnast
fortida, og antirasistisk vaksemd er permanente grunnar til å drive
motstandsarbeid.

Takka vere historikarar som Paxton (om Vichy-regjeringa), takka vere
filmar som "Le Chagrin et la Pitié" (om kollaborasjonen), takka vere
jødiske organisasjonar som har lufta ut løgna om eit Frankrike utan
flekkar, takka vere rettsakene til Touvier og Papon (krigsforbrytarar),
takka vere alle organisasjonane som har oppstått spontant dei siste åra,
langsamt og mot tendensen i opinionen, har det utvikla seg eit
"samvit". Ein kan til og med seia at om det i Frankrike i dag
eksisterer ei uformell, men meir og meir aktiv motrørsle, så er denne
bygd på retten til innsyn. Brotsverka frå fortida, inkludert dei som
gjekk føre seg i forskjellige "arbeidarparadis", er blitt identifiserte
på ein slik måte at alt det som er teikn på at dei kan gjenoppstå, er
fullstendig diskvalifisert. Det eg vil seia er at all
motstandsaktivitet, same kor radikal denne er, mot det som ein til
vanleg kallar marknadsdiktaturet, berre kan gjennomførast med respekt
for grunnleggjande demokratiske verdiar. Manglar dette, endar det i
massiv desertering. Dette er ikkje eit vagt ynskje, det er ei
konstatering. Det er dessutan dette som utgjer det moderne og det
komplekse ved denne politiske retninga. Dei doktrinære frå fortida som
infiltrerer denne rørsla, og som freistar å teie dette demokratiske
engasjementet, har både kviser og aldersflekkar på same tid.

På paradoksalt vis har det oppstått ein sivil aksjon - ja, ein
borgaraksjon - i motsetnad til den franske politiske makta, som
ettersom dei var i den sigrande leiren i 1945, gjorde unna
"denazifiseringa" i ein fart. Frå 70-talet fram til i dag har denne
rørsla fylt eit trugande tomrom. Når Le Pen i dag er ute av biletet,
kan ein sjølvsagt skrive det på kontoen til ein betre økonomi og
talentet til Jospin. Men sanninga er at alle desse initiativa til
"venstremotstanden" har gjort mykje for å vise det rette andletet til
Le Pen. Betre enn fjernsynet som har institusjonalisert han, og betre
enn den politiske makta som har bruka han som instrument.
"Venstremotstanden" har laga eit "kulturelt portrett". Det vil seia at
dei har sett Front National i sin historiske samanheng, dei har sett
lyset på slektskapa til Le Pen, og vist den gamle barbariske uniforma
under dei nye kleda. Og alt dette gjer at ingen tvilar lenger. Sjølv
dei som stemmer Front National. I Frankrike veit ni av ti som slepp
ein stemmeseddel for FN i urna at han oppfører seg som ein kjeltring.

For Tyskland er det endå klårare. Tvungen til nesten aleine å ta på
seg ansvaret som den absolutt skuldige, har den tyske opinionen støtta
alle konstitusjonelle tiltak for å forby eit ope høgreekstremt parti å
koma attende på den politiske arenaen.

Same kor skjøyrt dette kulturelle arbeidet har vore - anten det har
kome frå staten eller frå borgarrørsler - kan ein ikkje trekkje i tvil
at det har vore effektivt.

Problemet til nokre landsbyar i Alsace, der ein berre nokre kilometer
frå Struthof, ein av dei verste konsentrasjonsleirane i nazitida,
stemmer opp mot 30% på Front National, problemet til Sveits i det heile
og særleg det tysktalande Sveits, problemet til Austerrike, er at dei
ikkje har passert dei siste femti åra i fullt intellektuelt velvære.
Løgna om den sveitsiske nøytraliteten har aldri blitt definitivt
avslørt. Austerrike sin status som offer har aldri vore gjenstand for
særleg kulturelt arbeid. Dei få austerrikarane, t.d. Thomas Bernhard,
som prøvde seg på dette eventyret, hausta berre hat og forakt frå
fleirtalet av medborgarane sine. Gjennomsnittsausterrikaren har inga
skuldkjensle. Då han stemmer på Haider, har han på ingen måte kjensla
av å oppføre seg som ein kjeltring. Tvert imot, han påtar seg ansvaret
for ein "evig" austerriksk identitet. Det er heile forskjellen. Det
austerrikske borgarskapet avskyr sine intellektuelle, foraktar sine
lærde, og finn kanskje at dei er litt stolte over at Hitler som var
fødd i Braunau, var austerrikar. Det har gjort Salzburg, fødebyen til
Mozart, til eit slags debilt Disneyland, der Mozart i papp-masjé har ei
rolle som kan samanliknast med rolla til Bernadette Soubirous i
Lourdes. Alt er laga til for å redusere til ingenting eksplosjonen av
revolusjonær fridom i dei store operaene hans. Eit lok på ein dropsboks
kvelar eit "Viva la libertà" til Don Giovanni.

Austerrike risikerer å banalisere det ekstreme høgre. Austerrike bør
sanksjonerast av Europa. Ein må hjelpe dei austerrikarane som reiser
seg i opposisjon mot Haider - dei er då faktisk ganske mange. Men, a
contrario, hjelper det som skjer å sjå at kulturen, utdanninga,
politikken, refleksjonen over historia, same kor inkjevetta dette kan
synast av og til, endar med å forandre mentalitetane. Hendingane i
Austerrike gjer tydeleg det som er verdfullt i ein motstand som er
berika av eit historisk medvit, og viser at ein ikkje ustraffa kan
drive politikk med å lage mumiar av kulturen."

Philippe Val/Charlie Hebdo

(Den siste delen av leiaren gjeld Jean-Claude Izzo, forfattar i
Marseille, som døydde i førre veke. Det blir kanskje litt for "lokalt",
så eg har ikkje omsett det... fred over hans minne.)

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:16 MET