Re: Kudrap i Sverige?

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Wed Feb 02 2000 - 15:37:22 MET


Le mer, 02 fév 2000, Lars Staurset a écrit :
 
> Ja dette blir ei stor sak for oss. Vi planlegg underskriftskampanje for
> at Europol ikkje skal skyte norske kyr. ;-) Jfr.
> http://www.nationen.no/artikkel/nyhet.cfm?Id=5063 .

Fyrst får eg vel orsake meg for å ha vore litt snar på labben, og ein
tanke usakleg. Eg er ikkje finare på det.

Etter å ha lese artikkelen i Nationen, blir det litt meir kjøt på
beinet. Ser ein dette i samanheng med matvareskandalene i Europa dei
siste åra, forstår ein sjølvsagt motiveringa bak desse tiltaka. Ei
anna sak som ikkje blir teken opp i artikkelen til Nationen, er
spørsmålet om teljing, dvs. oversikt over talet på dyr, som har vore
svært mangelfull, og som m.a. på Korsika førde til at store summar av
landbruksmidlar blei svindla bort. Mange buskapar blei "talde" fleire
gonger, og det blei såleis gitt støtte til dyr som berre fantest på
papiret. Då dette blei kjent, suspenderte EU-kommisjonen desse
overføringane straks, men den franske staten var "nøydd" til å ta over
av "innanrikspolitiske" årsaker. Korsika er som kjent ei varm potet i
den franske åkeren. Me betalar truleg framleis nokre millionar franc til
desse spøkelsessauene på Korsika, men det inga "sak" lenger. Staten går
på gummisålar der nede for tida.

> Sjølvsagt er det mange saker som er viktigare enn denne. Om det er noka
> trøyst for Garvik, så har eg i desse dagar ei halv side i lokalavisene
> her om dei store miljøkatastrofane vi er på veg inn i, med ei spesiell
> utfordring til Europabevegelsen om å engasjere seg mot WTO. Vi får
> arbeide på kvar vår kant.

Det vesle eg treng av trøyst, får eg av Madame, men det er fint at du
skriv om miljøkatastrofane. Som du seier: Me får arbeide på kvar vår
kant.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET