Re: Kudrap i Sverige?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Feb 02 2000 - 15:23:46 MET


Oddmund Garvik wrote:
>
> ... eller hjernedød på "venstresida?
>
> > Ein mann ringde til meg i går, framleis opprørd over ei historie han
> > hadde sett på NRK frukost-TV ein gong i haust. Det var ein svensk
> > bonde som hadde opplevd at kyrne hans vart skotne på beitet av ein
> > EU-inspektør, fordi han ikkje hadde meldt dei inn ei eit eller anna
> > EU-register.
>
> > Eg ser sjeldan på frukost-TV, men kan det ha stått
> > i KK? Er det nokon som kjenner historia, og kan stadfeste eller
> > avsanne ho?
>
> Er dette den neste saka til Nei til EU i Møre og Romsdal?

Ja dette blir ei stor sak for oss. Vi planlegg underskriftskampanje for
at Europol ikkje skal skyte norske kyr. ;-) Jfr.
http://www.nationen.no/artikkel/nyhet.cfm?Id=5063 .

> Blir
> det neste noko om EU-inspektørar som et småbarn i skogen fordi dei
> ikkje ville føye seg?

Har du meir om den saka? Var det i ein fransk skog? ;-)

> Er du verkeleg alvorleg, Staurset?

No er eg alvorleg. Som du sjølv har konstatert etterpå, var det hald i
saka. Kva ho betyr for bøndene i Møre og Romsdal, veit eg ikkje, men det
kan dei best vurdere sjølve. Saka styrkjer iallfall ikkje EU sitt
omdømme, for å seie det mildt. Takk til Nils P. Lie og Magnus Marsdal
for tips.

Sjølvsagt er det mange saker som er viktigare enn denne. Om det er noka
trøyst for Garvik, så har eg i desse dagar ei halv side i lokalavisene
her om dei store miljøkatastrofane vi er på veg inn i, med ei spesiell
utfordring til Europabevegelsen om å engasjere seg mot WTO. Vi får
arbeide på kvar vår kant.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:14 MET