Re: Grozny sett fra innsida

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Mon Jan 31 2000 - 14:03:19 MET


Le lun, 31 jan 2000, Øistein Haugsten Holen a écrit :

> I denne artikkelen gis det et sjeldent og unikt bilde fra innsida av
> Grozny. Forfatteren dro selv inn i byen for å ta krigshelvetet i
> skue, og han skildrer sivilbefolkningens lidelser.

<klipp>

> ----------
> From the Inside:
> Correspondent Tells of Life in Chechnya
>
> By Robert Young Pelton
>
>
> I have just returned from rebel-held Chechnya and what I saw bothered me a
> lot. The images of war are what you’d expect, but there is something
> different, something very beautiful and something very evil here.
> None of it is being seen by the outside world.

Dette er ikkje sant. Sidan krigen blussa opp att i fjor haust har t.d.
fransk presse, radio og tv vore fulle av reportasjar frå Grozny, råare,
mindre fancy enn denne ABC-reportasjen, men vel så poetiske, om det er
noko poeng i krigsreportasje. Eg refererte nyleg krigsbileta i Le Monde
førre veke. Det finst fleire andre både skrivne og audiovisuelle
kjelder.

Det var forresten likeins under krigane i Bosnia, Kosovo, for den saks
skuld, i Somalia, Rwanda, Aust-Timor og alle dei andre mediatiserte
krigane. Og så finst det ofte reportasjar frå dei "gløymde" krigane,
laga av folk som av og til bøter med livet.

Eg har sjølv fotografert i krigssoner (Libanon og Sudan), og har eit
visst kjennskap til miljøet omkring krigsreportasje. Det finst ærlege
folk, som går til verket med enkelt utstyr og mykje mot. På den andre
sida finst det pompøse korrespondentar med gamal lukt av eventyr og
Hemingway. Slike som kan alt, veit alt, og som ein ikkje må koma å
fortelja noko som helst. Amerikanske korrespondentar er diverre ofte av
det slaget.

Det er vel og bra at det kjem slike reportasjar til forumet, men det
synd at det heile tida så godt som berre er amerikanske kjelder som
blir refererte. (Det er som med datamaskiner, ein klamrar seg til
Microsoft (Windows), som om det ikkje fantest alternativ.)

Det er ironisk at folk som elles ikkje går glipp av høvet til på
unyansert og forenkla vis å kritisere det amerikanske, nettopp triv
til amerikanske kjelder og mediaprodukt når det passar. Er det berre
fordi det er lettvint, meir "tilgjengeleg"? Eg går sjølvsagt ut frå at
ingen vil trekkje fram "kvalitetsomsyn" for å forsvare dette... Det er
ikkje lett å bli klok på.
 

Oddmund Garvik

PS: Sjølvsagt vil Holen replisere at det berre er å sende "eigne" ting.
Det er diverre ikkje det som er poenget.

Elles takk til Skullerud for kommentaren av Shalom-artikkelen i KK.

ds.
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loins de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:13 MET