Til alle medlemmer og vener av ATTAC

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Sun Jan 30 2000 - 23:00:30 MET


Enda meir stoff frå ATTAC:

http://www.attac.org/fra/asso/doc/doc07no.htm

Paris, 3. januar 2000

GODT NYTT ÅR 2000!

Det er ikkje berre for å følgja det vanlege ritualet ved årsskiftet
(vi må likevel ikkje gløyma at rituala òg er ein type fellesskap) at
eg, på vegner av styret i ATTAC, ønskjer dykk alt det beste for det nye
året. Det er òg for å uttrykkja eit ønske som eg veit de deler med
meg: Etter 1998, då foreininga ATTAC blei skipa, og 1999, då
foreininga fekk vist på rekordtid at ho er blant dei viktigaste
aktørane for folkeleg påverknad i Frankrike og for ei internasjonal
samordning av slik påverknad, så må 2000 vera det året då vi kjempar
med auka kraft for sakene våre og når lenger ut med analysane og
forslaga våre i befolkninga.

La oss minna oss sjølve om nokre viktige hendingar i året som nett er
omme: Davos-motmøtet i januar, den internasjonale samlinga i
Saint-Denis utanfor Paris i juni, dei 110.000 underskriftene på det
nasjonale oppropet for Tobin-avgifta, publiseringa av den første
ATTAC-boka ("Contre la dictature des marchés"), generalforsamlinga i
La Ciotat i oktober, dei rundt 80 demonstrasjonane mot WTO 27.
november. Og då har vi ikkje nemnt dei tallause debattmøta og den
mangfelte verksemda til dei lokale gruppene. ATTAC lever, og lever
intenst!

Sigeren i Seattle, sigeren over MAI i oktober 1998 og den
verknadsfulle motoffensiven mot genmodifiserte organismar viser at
dei folkelege rørslene no er i stand til å yta kraftig motstand mot dei
ultraliberale tenkjemåtane som enkelte meiner det ikkje finst
alternativ til. Å stogga den liberalistiske framrykkinga og å halda
stillinga var nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg. Vi må no erobra nytt
terreng og få eller vinna tilbake kontrollen over dei demokratiske
områda som er okkuperte av marknadsdiktaturet.

På kort sikt er det på desse frontane vi må kjempa: Vi må tvinga fram
ei innføring av Tobin-avgifta ved å utvikla, saman med dei
internasjonale partnarane våre, modellar for administrasjon av avgifta
og fordeling av inntektene. Vi må gjera skatteparadisa ulovlege (det
same gjeld fordelsflagga, skipsfartsvarianten). Vi må leggja fram
forslag om alternativ til tvangsliberalismen som WTO står for. Vi må
forsvara prinsippet om at verdiskapinga til dei yrkesaktive skal
dekkja pensjonsutgiftene - ei viktig samfunnssolidarisk ordning - mot
dei kamuflerte forsøka på å undergrava det gjennom pensjonsfond og
"lønstakar-sparing". Vi må krevja sletting av gjelda til den tredje
verda og sjå nærare på kva rolle den offentlege gjelda spelar i dei
industrialiserte landa. Vi må krevja ei gjennomgripande reform av dei
internasjonale finansinstitusjonane. Vi må krevja eit forbod mot
patent på liv.

På enkelte av desse områda finst det allereie organisasjonar - blant
dei fleire ATTAC-medlemmer og dessutan partnarar med solid røynsle -
som har lagt fram forslag. Vi må gjera forslaga kjende og støtta dei
nasjonalt, i EU og internasjonalt. På andre frontar er det ATTAC som
kjem til å vera i fremste linje. I alle tilfelle er det vår eiga evne
til å forstå (gjennom "utdanning" av oss sjølve og medborgarane våre,
slik at vi kan gjera ein innsats i felten overfor dei folkevalde og
grupper i befolkninga vi enno ikkje har nådd fram til), som vil gjera
ATTAC til den store handlingsorienterte folkeopplysningsrørsla og den
demokratiske drivkrafta som vi har ambisjonar om å vera.

Vi har i mangt og mykje lagt grunnlaget for denne rørsla allereie, med
våre om lag 17.000 medlemmer og 130 lokale grupper ved årsskiftet.
Måtte 2000 bli året då rørsla viste ei uimotståeleg utvikling!

Bernard Cassen, leiar i ATTAC

(omsett av Vidar Rekve)

ATTAC i Noreg: http://www.attac.org/journalno.htm
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loins de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:12 MET