Livsviktige medisinar og globalisering

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Sun Jan 30 2000 - 23:03:44 MET


Frå ATTAC: http://www.attac.org/fra/toil/doc/msfno.htm

Legar utan grenser (Médecins Sans Frontières) http://www.paris.msf.org/
Denis Pingaud - utviklingsdirektør i Legar utan grenser

Helsingstale til ATTAC i La Ciotat 24. oktober 1999

Livsviktige medisinar og globalisering

Kjære vener,

På vegner av alle medlemmene av Legar utan grenser vil eg komma med ei
venleg og hjarteleg helsing til dykk. Eg håpar at denne ATTAC-samlinga
vil gi høve til både å utvikla og styrkja ideane de forsvarer og
bringa dei ut til eit større publikum.

Eg vil nytta dei minutta eg har fått til å peika på ei sak som i dag
er blant dei viktigaste arbeidsområda for Legar utan grenser: Eit
svært stort fleirtal av befolkninga i dei fattige landa har i dag ikkje
tilgang til livsviktige medisinar, altså medisinar som kan berga liv.

De skal vita at til dømes dei velkjende overførbare sjukdommane, som
tuberkulose og AIDS, og dei mindre kjende, som sovesjuke, årleg tek
livet av 17 millionar menneske verda over. Helvta av dei som døyr,
bur i dei fattige landa. Svært mange av desse menneska kunne ha vore
berga dersom behandlinga av slike sjukdommar var styrt av andre omsyn
enn dei reint kommersielle.

Legar utan grenser lanserte for nokre månader sidan ein internasjonal
kampanje for å betra tilgangen til livsviktige medisinar for dei
fattigaste befolkningane. Vi ønskjer sjølvsagt å dra nytte av at vi er
blitt tildelte Nobels Fredspris i arbeidet vårt for å pressa dei
offentlege og private avgjerdstakarane til å slå inn på ein ny veg
når det gjeld reglar for handelen med medisinar.

La oss vera meir konkrete. Det er tale om å endra dei eksplisitte
eller implisitte reglane som har følgjande to dramatiske konsekvensar:

* På den eine sida har dei store legemiddelkonserna så godt som slutta
med å driva forsking og utvikling når det gjeld behandling av
overførbare sjukdommar som er særskilde for dei fattige landa,
fordi medisinane mot slike sjukdommar ikkje er lønsame av mangel på
kjøpekraftig etterspurnad. Mellom 1975 og 1997 blei meir enn 1200
nye medisinar marknadsførte på verdsbasis, men berre 11 av dei var
mot ein tropesjukdom. Med andre ord fører marknadslogikken til at det
blir brukt milliardar av dollar på forsking og utvikling når det
gjeld Viagra, medan ikkje eit raudt øre går til utvikling av nye
behandlingsmetodar mot malaria, som årvisst tek livet av 1.800.000
menneske.

* På den andre sida fører marknadslogikkens herredømme i produksjonen
og marknadsføringa av medisinane til at dei blir utilgjengelege for
dei aller fleste sjuke menneske i dei fattige landa. De har kan henda
lese historia om Rebecca i pressa denne veka, ei kenyansk jente som lir
av alvorleg tuberkulose og som blei behandla på Homa Bay-sjukehuset
av Arnaud, medlem av Legar utan grenser. Etter fem dagars behandling
forsvann Rebecca frå sjukehuset. Bestemor hennar, som ikkje lenger
kunne betala dei 15 franc dagen som behandlinga kosta, hadde vore der
for å henta Rebecca tilbake til landsbyen og dermed til den visse
død.

Manglande forsking og utvikling på området tropesjukdommar og skyhøge
prisar på medisinar som blir nytta i behandlinga av sjuke menneske i
dei fattige landa: Korleis endra denne opprørande stoda? Kampanjen til
Legar utan grenser blir ført på tre ulike nivå.

For det første er det tale om ein kampanje i felten som støttar seg på
arbeidet og røynslene til legar som må klara seg utan viktige
legemiddel i behandlinga av sjuke menneske.

I Uganda, til dømes, driv Legar utan grenser eit program i kampen mot
trypanosomiasis, betre kjend som sovesjuke, ein sjukdom som blir
overført ved stikk frå den illgjetne tsetsefluga. Denne sjukdommen,
som ein trudde var utrydda, er dukka opp att som ei følgje av
samanbrotet i helsevesenet og dei omfattande folkevandringane i land
som Uganda, Kongo-Kinshasa og Sudan. Sjukdommen kan behandlast
effektivt, men tek i dag livet av 150.000 menneske årleg ifølgje tal
frå Verdshelseorganisasjonen.

I dette tilfellet er medisinane som legane har til rådvelde, av eldre
og stadig mindre verknadsfulle slag. Det finst imidlertid eit
legemiddel som sikrar den beste behandlinga, nemleg eflornitin.
Tidlegare blei denne medisinen marknadsført av Merell Dow-laboratoriet
til ein særs høg pris, men er ikkje lenger tilgjengeleg. Produksjonen
var ikkje lønsam og blei dermed stansa. For tre år sidan la konsernet
Marion Roussel Hoescht, som kjøpte opp Merell Dow, fram eit tilbod om
at Verdshelseorganisasjonen kunne overta retten til å marknadsføra
dette legemiddelet. Legar utan grenser og andre prøver difor å
overtala eit anna laboratorium til å produsera dette legemiddelet ved
å tilby ein garanti om kjøp av ein viss del av produksjonen.

Det er slik Legar utan grenser konkret handlar når vi blir stilte
overfor dei same typane av problem på andre område. Til dømes i
fengsla i det som tidlegare var Sovjetunionen, der ein av fire som er
ramma av tuberkulose, er dømd til å døy fordi bakterien er
multiresistent mot dei tilgjengelege medisinane. Eller i Thailand og
Kambodsja, der folka våre driv behandlingsprogram mot AIDS utan å ha
tilgang til den mest effektive dobbel- eller trippelbehandlinga.

Vi meiner at denne kunnskapen og desse røynslene frå praktisk
helsearbeid gir Legar utan grenser eit større truverde i kampanjen
som blir ført på det andre nivået: forslaga våre. Dei kan delast inn
i to hovudkategoriar:

* For det første er det tale om å gi dei fattige landa høve til å nytta
alle midla dei har til rådvelde for å sikra seg livsviktige medisinar.
Etter folkeretten finst det to utvegar (obligatorisk lisens og
parallell-import) som gir ein stat rett til, dersom helsesituasjonen
er prekær, å sjølv produsera medisinar, om nødvendig ved å risikera
å kopiera patenterte medisinar eller kjøpa dei til lågare pris og slik
omgå dei reint kommersielle interessene. Legar utan grenser støttar
elles statar som Thailand og Sør-Afrika, som freistar å dra nytte av
dei utvegane som enno finst gjennom særskilde føresegner i
internasjonale handelsavtalar. Som de naturlegvis har forstått, er det
nettopp desse særskilde føresegnene den internasjonale
legemiddelindustrien ønskjer å endra i den kommande Tusenårsrunden i
Verdshandelsorganisasjonen.

*For det andre dreiar det seg om å få til eit samarbeid mellom
laboratoria, dei rike landa og dei relevante internasjonale
organisasjonane for å prøva å definera ei ny verdsordning på
forskingsområdet for å finna løysingar, i første rekkje økonomiske, som
kan opna for raske og konkrete forbetringar når det gjeld overførbare
sjukdommar som er særskilde for dei fattige landa.

Vi veit likevel godt at når vi gjer det, så rører vi ved ideologien i
eit system som ikkje kan endrast på anna vis enn gjennom eit press frå
den internasjonale folkelege opinionen. Det er difor kampanjen vår òg
blir ført på eit tredje nivå: påverknad og utfordring.

I grunnen er spørsmåla vi reiser, og som vi systematisk kjem til å
stilla alle dei viktigaste offentlege og private avgjerdstakarane,
særs enkle. Er legemidla varer på lik linje med til dømes bilar og
mobiltelefonar? Kan vi godta at behandlingsmetodar som bergar
menneskeliv skal vera fullstendig overlatne til marknadslovene?

Dette er grunnen til at Legar utan grenser krev, før toppmøtet i
Seattle, at det umiddelbart blir gjort eit unntak for helsesektoren,
etter mønster av tilsvarande for kultursektoren. For vi kan ikkje
forsona oss med at marknadslovene skal styra tilgangen på legemiddel
slik at ein hindrar at millionar av menneskeliv blir berga.

Kjære vener,

Ved å driva ein kampanje som omfattar praktisk helsearbeid,
framlegging av forslag og påverknad og utfordring av avgjerdstakarar
når det gjeld dei fattige befolkningane sin tilgang på livsviktige
medisinar, er vi klart medvitne om at vi sluttar oss til andre kampar
som andre ikkje-statlege organisasjonar og foreiningar fører. Det er
difor vi er til stades på toppmøtet i Seattle. Og det er difor eg vil
avslutta denne helsinga ved ganske enkelt å seia følgjande: Sidan
vegane våre likevel kryssar kvarandre, la oss gå saman eit stykke på
vegen!

(omsett av Vidar Rekve)
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loins de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:12 MET