Presserunde og enda lenger

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Fri Jan 28 2000 - 14:03:42 MET


At 17:10 25/01/00 +0100, Karsten Johansen wrote:

>Det er bra vi har internasjonale tidsskrifter og internett, slik at
>man kan snu ryggen til dette tøvet. Det er ikke umaken verd å spille
>ett sekund mer på, selvom det sikkert vil bli blåst opp av alle
>mediotene.

Eg har mange gonger vore inne på fattigdomen i den norske pressa. Det
hender eg ødslar bort tid (og pengar) på norske presserundar, enda eg
ikkje treng det. Eg er i den heldige situasjonen at eg slepp å bli
utsett for det norske mediefjaset - til og med NRK. Dei få gongene eg
får inn den norske reichskringkastinga på kveldstid, er det anten
salmesong, countrymusikk, annan bakgrunnsmusikk og pjatt ein får
servert. Eg har slutta med å søkje etter den norske jukeboksen.

Her i kråkeslottet har eg eit gamalt norsk flagg som står halvt
samanrulla bak ein skorstein. For nokre dagar sidan kikka ein kamerat
på dette, og gjorde store augo:

- "Quoi!? Har du naziflagg??"

- "Nei, det er berre eit gamalt norsk flagg..."
- "Men det liknar." Han rulla det ut for å forvisse seg om at det
ikkje var nokon hakekross i midten.
- "Ja, det liknar", sa eg.

Denne reaksjonen har eg møtt fleire gonger. Ser ein staute, blonde
nordmenn som ber det norske flagget, kviskrar mange: "Det liknar på
Hitler-Jugend...".

Slik er det. Ein kan kalle det ei form for intoleranse, men det er ei
"sunnare" form for intoleranse, enn den som breier seg i norske media,
og i norsk "opinion".

Saka om bønnerop frå ein moské i Oslo, har nok ein gong gitt
fascistoide aviser og politikarar vatn på mølla. Då VG fann ut at
"Spionsaken" likna meir på ei hengemyr enn på noko anna, følgde dei
POT sitt ord om å halde kjeft. I staden slo dei opp andre "saker" i ei
subtil (kanskje eit sterkt utrykk i høve til denne avisa) blanding av
framandhat og hallelujarop over siste "nytt" frå Amerika. Dei lyg om
"Rekordinnvandring til Norge", og ved sida av eit bilete av Mike Tyson
står det: "Villdyret våkner". Innimellom er det meste pjatt, pjatt, og
atter pjatt. Farleg pjatt, som nører og held held ved like den gryande
fascismen.

Jörg Haider er komen lenger, men han byrja også slik i det små. Han er
ein populist og ein demagog som ikkje går av vegen for noko som helst
for å oppnå det han vil. Ein observatør i Austerrike samnlikna han med
Karl Lueger, den svært populære borgarmeistaren i Wien på slutten av
1800-talet, som prega byen med ovleg antisemittisme berre fordi, som
han sa, "antisemittismen fell i smak hjå folket" (plebeiarane).

Jörg Haider er likeins. Han finn orda som får folket til å vibrere,
deriblant også dei som bur i arbeidarforstadane i Wien, der FPÖ no har
erstatta sosialistane. Eit av desse orda er "Überfremdung", dvs.
risikoen for å bli overrent av utlendingar. Partiet gjentar dette
utan stans, og nører såleis oppunder redsle og uvisse i samband med ei
utviding av EU. Austerrike risikerer (sjølvsagt) å bli overfløymd av
underernærte austeuropearar... Thomas Prinzhorn, førstemann på
FPÖ-lista ved valet i oktober, hevdar at utlendingane som bur i
Austerrike, et hormon for å auke fødselstala.

Ein kunne skrive side opp og side ned om dette, men det står lite om
det i den norske pressa.

Til og med boulevardaviser her til lands slår dette opp på førstesida
(Le Parisien, France-Soir, osb.) Andre meir oppegåande aviser har hatt
store oppslag om det dei siste dagane:

Det er hovudoppslag i Le Monde idag:

"Autriche : l'extrème droite au portes du pouvoir". (pouvoir = makt).

Andre saker på framsida:

"Comment Tarik B. pourrait devenir un réfugié politique" (Korleis
Tarik B. kunne bli politisk flyktning" - historia om ein ung algirar).

"Tchétchénie: Photos de guerre"

"Shoah, l'histoire en jugement"

Nedst på sida ei annonse frå forlagshuset Grasset om den nye boka til
Bernard Henri-Levy: Le Siècle de Sartre.

Libération er likeins, ein finn VESENTLEGE saker, med NYANSERTE
innfallsvinklar som set tankane i sving. Av og til finn ein det også
l'Humanité, den historiske avisa til PCF (Parti Communiste Français -
som framleis har tre ministrar i regjeringa).

Og så har me kvar onsdag dei satiriske perlene: Le Canard enchaîné og
Charlie Hebdo, i tillegg til fleire gode veke- og månadsmagasin, og
sjølvsagt haugevis med tidsskrift - essayet er framleis ein "sjanger"
her.

-------
Eg kjenner ingen andre nordmenn her nede. Eg budde i Paris i over tolv
år, men var vel berre i den norske klubben (Cercle norvégien) eit par
gonger. Det var plagsamt å møte halvfeite, sjølvtilfredse
representasjonsnordmenn i den norske baren like ved Louvre i Rue de
Rivoli (som eigentleg var leigd av svenskane). Dei skrytte av kor
flinke dei var, medan dei drakk Ringnes Pils, og la ut om firmaet
"hjemme" og annan trivialia. Ikkje eit einaste fornuftig ord, ikkje ein
einaste flygande tanke. Eg minnest berre ein eldre distingvert
utanlandsnordmann som hadde vore norsk konsul i Tunisia den gongen
landet var fransk protektorat. Eg snakka ein heil kveld med han, men
treffte han aldri att.

Elles var det mykje larm om norske "kunstnere" som var innom for å
kunne få "suksessen" i Paris referert i norske aviser. Kostbare og
heilt marginale "kulturmønstringar" under "le haut patronage de son
Excellence l'Ambassadeur de Norvège". I periodar fløymde postkassa over
av "innbydelser til vernissage" - offisiell staffasje som eg sjølvsagt
heldt meg langt unna. Når eg til tider les om dette i norske aviser i
dag, kan eg ikkje anna enn å harke.

Eg har nokre få verkeleg gode vener i Skandinavia. Elles tykkjer eg
skandinavar er traurige folk, til og med mange på "venstresida".

Paris er ein mangfaldig by, og omgangskrinsen min bestod av indarar,
vestindarar, afrikanarar, portugisarar, spanjolar, sør- og
nordamerikanarar, irar og skottar, franskmenn sjølvsagt, polakkar,
tsjekkarar og russarar, til og med nokre serbarar... Om dei var
kristne, muslimar, jødar, buddhistar, hinduistar, animistar, var dei
like fullt venene mine. Me diskuterte religion, politikk, vêr og vind.
Av og til var diskusjonane på kanten, men ingen blei fornærma, for
ingen av dei var intolerante.

Den beste kameraten min her på den franske landsbygda blei fødd i
Bombay for om lag 65 år sidan. Han har liksom eg, drive med mykje i
alle desse åra, og me har mykje å snakka om. Han hadde i mange år eit
kunstgalleri i London, men er no pensjonert, og lever, som eg, fredeleg
i utkanten av verda. Den store patrisiervillaen er full av måleri
(sikkert verd ei formue), men alt er enkelt og upretensiøst. Like ved
bur ein annan kamerat, som er ein kjend fransk "conceptual artist".
Elles har eg mange vener blandt dei av vindyrkarane som ikkje stemmer
Front National - vindyrking er hovudlandbruket her. Det å bu i
utkanten er slett inga plage.

Me manglar mest ingenting. Har ein trong til storbylarm, er det berre å
gå til stasjonen, og setje seg på TGV-toget til Paris, eller til
London. Reisa varer ikkje lenge. Har ein god råd og god tid, kan ein
ta seg ein tur på Orientekspressen, eller til Tolfi, som Steigan.

Kva er poenget med dette? Ein må koma seg UT i verda, anten det er i
tankane, i bøkene, avisene, tidsskrifta, ved å skru på radioen, eller
sjølvsagt på internettet. Det siste kan underleg nok vera litt
avgrensa.

Det beste er sjølvsagt å REISE, heilt anonymt og enkelt - ikkje
vera turist og vekkje oppsikt - helst utanfor den angelsaksiske verda.
Berre slik kan ein skaffe seg nok bagasje til å stå i mot fordumminga
og dumskapen som pregar denne tida i Noreg. Ein må krysse grensene. Ein
må for all del ikkje mure seg inne.

Diverre har den norske "VENSTRESIDA" ein tendens til å gjera nettopp
DET, sjølv om mange bedyrar at dei ikkje har noko som helst mot
"internasjonale kontakter", og "internasjonalt samarbeid".

Den stendige refereringa av TRIVIELLE norsk-norske og amerikanske
saker her på forumet, viser at mange diverre går i ring. Kven bryr seg
om slikt når ein i bakgrunnen atter høyrer den taktfaste larmen av
støvlar i Europa? Når klimaet forandrar seg? Når dei som trur dei har
verda for sine føter, nok ein gong møtest i Davos komande laurdag, som
om alt var "normalt"?

Redaktøren i Harper's Magazine, Lewis H. Lapham, skreiv nyleg eit
essay under titelen: "La Montagne du vanité". Det er eit saftig oppgjer
med dette tartufferiet. Lapham er korkje sosialist, eller opprørar,
men kler av denne staffasjen like godt som nokon, for desse kvinnene
og mennene i Davos er verre enn lækjarane til Molière...

Novel, José Bové* & Co. vil vera der, liksom dei var i Seattle. Han blei
invitert til Forumet, men seier han heller vil demonstrere. Me får sjå
korleis det går.

Oddmund Garvik

*José Bové er som kjent grunnleggjaren av la Confédération paysanne (tilsv.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag, trur eg). http://www.confederationpaysanne.fr/
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loins de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:12 MET