POT, POT...

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Jan 21 2000 - 10:15:00 MET


... det er ikkje så farleg når ein har makta. Ein kan gjera som ein vil, ein
kan trampe i blomsterbedet, salaten, eller kva no det norske uttrykket for
overtramp er. Stavanger Aftenblad (+Bergens Tidende og Adresseavisen) sin
korrespondent i Brussel, Stein Viksveen, er sikta for spionasje til fordel
for Stasi:

http://www.stavanger-aftenblad.no/nyheter/nytt/2000/0121/074641.html

Forholda omkring etterforskinga og siktinga minner oss nok ein gong om
Kafka. Er ein mistenkt for *spionasje* har ein ingen rettar, og må berre
tåle å bli trakassert og hengt ut.

Det som er særleg alvorleg i denne saka, er at POT har brote lova ikkje berre
i høve til Viksveen, men også i høve til avisa Stavanger Aftenblad. Same kva
saka om Viksveen og "Lanze" inneheld, vonar eg POT får seg ein smekk så det
svir for dette, og ikkje nok ein gong kjem seg unna i ein flaum av ord frå
ein eller annan kommisjon.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:09 MET