Galtung om Klassekampen

From: Viktor Stein (viktorstein@hotmail.com)
Date: Fri Jan 21 2000 - 06:58:10 MET


   I fjor haust var det i Oslo eit møte som Fredsnettverket arrangerte.
Innleiarar var professor Johan Galtung og tidlegare major Terje Marøy. Eg
var så heldig at eg fekk med meg dette. Etter ei lang og grundig innleiing
kom fredsprofessoren også inn på korleis norske aviser og andre medier
dekkjer utanrikspolitiske hendingar. Han felte ein hard dom. Einaste
lyspunkt var Klassekampen og Dag og Tid. Galtung sa følgjande: "Av de norske
dagsavisene er det bare Klassekampen som er oppegående. Det er bare å
erkjenne det."
   Så vidt eg veit er Galtung ikkje AKP-ar, har aldri høyrt at han har vore
det heller. Med si røynsle både som professor og internasjonal
fredsaktivist, må ein vel tilkjenne denne mannen ei viss evne til å vurdere.
   Berre til orientering.
______________________________________________________
Get Your Private, Free Email at http://www.hotmail.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:09 MET