Re: Stil-gnål

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Thu Jan 20 2000 - 19:42:40 MET


No ja. Eg les dette forumet noko sporadisk og kan ta i miss, men denne
stildebatten starta vel med to saker: Trond Andresens påstand om
partitilsetjingar i Klassekampen og at avisa refuserte eit innlegg frå
Karsten Vedel Johansen fordi det inneheldt personåtak på Tron Øgrim. Øgrim
er ein mellomting mellom ein avdanka maoist og ein teikneseriefigur, skreiv
KVJ. Eller noko liknande.

Verneombodet i Klassekampen reagerte på det Andresen skreiv, og han og
redaktøren meinte begge det er å gå over streken å antyde partitilsetjingar
i eit så lite og gjennomsiktig miljø at lesaren kan skjøne kven det gjeld.
Greitt nok dersom dette er ei konsekvent haldning. Dersom det altså er slik
at om rykta går om partitilsetjingar i SV eller Ny Tid eller
LO-sekretariatet, så unngår Klassekampen å skrive om det av omsyn til dei
personane mistanken kan falle på. Ei meir varsam redaksjonell line enn det
eg ønskjer meg, men likevel altså respektabelt. Men ikkje dersom
Klassekampen i eit slikt høve ville gå inn i temaet dei på prinsipielt
grunnlag avviste då det galdt eigen arbeidsplass.

Også greitt nok å refusere innlegget til Vedel Johansen dersom avisa ikkje
ønskjer nærgåande personkarakteristikkar. Dersom altså ei tilsvarande omtale
av Erik Solheim eller Carl I. Hagen også fører til refusjon (og ikkje til
bilete av Solheim ved sida av artikkelen og gjentaking av påstanden der).
Men viss det berre er AKP-arar som blir skjerma for negative
personkarakteristikkar, er det ikkje like greitt. Då er det ikkje stil og
stilgnål dette forumet (og avisa) bør diskutere, men favorisering av sitt
eige kamuflert som journalistiske grunnhaldningar.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:09 MET