Re: Seierherrenes justis

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Wed Jan 19 2000 - 12:53:36 MET


Øistein Haugsten Holen skreiv:

>Jeg lar ikke de siste mediaoppslag diktere hva jeg skal tenke, mene og
>engasjere meg i her på KK-forum! Innlegget om krigsforbryterdomstolen for
>det tidligere Jugoslavia har ingen sammenheng overhodet med nyheten om at
>Arkan er drept, det går jo klart fram av innlegget. Hvorfor man ikke kan
>diskutere krigsforbryterdomstolens nøytralitet uten å trekke inn Arkans død
>aner jeg ikke.

Nei, det vil du ikkje forstå, for det passar ikkje inn i premissane dine
(dvs. premissane til dei "alternative" tenkjarane du nører deg på). Det er
umogleg å diskutere spørsmålet om nøytraliteten til den internasjonale
FN-domstolen for det tidlegare Jugoslavia ved berre å trekkje fram
"passande" element, selektivt utvalde for å passe inn i ei meir, eller mindre
subtil kampanje.

>Garvik skriver:
>>Du føyer deg inn i rekkja av proserbiske kvitvaskarar, Holen, enda alle veit
>>at konflikten og krigane i det tidlegare Jugoslavia har opphavet sitt i den
>>sjukelege, nasjonalsjåvinistiske, serbiske makteliten.
>
>Se der kom katten ut av sekken! Garvik satt endelig ord på hva han mener
>med alle sine dulgte antydninger om de vestlige (angloamerikanske)
>krigsmotstandernes "røyktepper" og "underliggende motiv". Innerst inne er
>de nok "proserbiske kvitvaskarar" alle sammen, og jeg føyer meg ifølge
>Garvik inn i denne rekka!
>
>Disse lavpanna beskyldningene er selvfølgelig det reneste sludder, og
>avslører en ynkelig mangel på argumentasjon. Hvis Garvik hadde tatt seg tid
>til å faktisk lese innleggene jeg (og andre) har postet på forumet, så
>ville han sett at de slett ikke unnskylder serbernes krigsforbrytelser.
>Innleggene tar for seg helt andre saker:

Eg kjenner lukta av argumenta til "krigsmotstanden" på lang avstand, og eg
bruka tid og krefter på å argumentere mot dei for nokre månader sidan. Eg var
ikkje særleg imponert over dei lange *vidaresendte* tekstane frå
forskjellige "guruar" den gongen heller. Som du ser har det ikkje forandra
seg.

Sjølvsagt kan du halda fram med dette, men eg gidd ikkje å følgje det opp
noko vidare. Det er den same songen heile tida, og "argumenta" er utslitne
før dei kjem på trykk. Det er ofte subtilt, og gjer det mogleg å utføre alle
slags piruettar. Men ser ein gjennom skodda, er innhaldet og måten det
fungerer på, klårt nok, i alle fall for dei som vil sjå.

Eg gjentar påstanden min om at dette er ei kampanje for å bortforklåre, i
beste fall relativisere ansvaret til det serbiske regimet, og store deler
av det serbiske folket som lydig har valt, støtta og fylgt dette regimet i
tykt og i tynnt i over ti år. Det får vera så "lavpanna" det berre vil. Eg
har berre forakt til overs for slike som vil revidere historia, koste kva
det koste vil. Dette inkluderer også løgnene og historieforfalskinga i den
vestlege leiren, om du skulle tru noko anna.

Terroren og dei kolossale brotsverka mot menneskerettane til
Milosevic-regimet kjem til å bli hugsa i historia, same korleis du, Holen, og
guruane dine vrir på det. Sjølvsagt kjem me til å hugse dei andre tinga
også, men alt vil få dei proporsjonane det fortener.

Du påstår eg ikkje tek fatt i argumenta dine, men det finst ingen argument
her:

>Når det gjelder årsakene til konfliktene i det tidligere Jugoslavia tror
>jeg nok "skylda" er litt jevnere fordelt enn Garvik så kjekt og greit
>fastslår. Det er mange aktører i og utenfor Balkan, ikke bare de "onde"
>serberne, selv om det serbiske regimet nok bærer en svært stor del av
>skylda for konfliktene.

-------
Hadde du nytta like mykje tid og krefter på å "avsløre" løgnene til det
regimet som nett no let bomber og granatar hagle over uskuldige i Kaukasus,
hadde "opplysningskampanja" du har gjort deg til talsmann for, vore meir
oppegåande. Men ein høyrer lite om dette både frå deg og andre
"krigsmotstandarar". Om ein grev og spør litt, hostar de fram nokre vage
protestar. Men det blir berre til eit slags "pliktløp" - eit minimum for
ikkje å tape maska heilt. Deretter bankar de laus på USA- og
EU-imperialismen att, ofte heilt utan nyansar,

Det er eit spørsmål om haldningar, og som eg sa i eit tidlegare innlegg om å
vera intellektuelt ærleg. Dei delane av "venstresida" som i fjor vår spratt
fram og kalla seg "krigsmotstandarar", heng att i gamle forestillingar om
folk og nasjonar frå tidlegare tider. Solidariteten med dei slaviske folka
stikk djupt i deler av denne "venstresida". Det har med den første
sosialistiske revolusjonen å gjera, og det har med motstandskampen under den
andre verdskrigen å gjera, dels med den kalde krigen. Dei slaviske folka
som offer, er den raude tråden i denne historieforståinga.

Dette har også vore eit av hovudtrekka i den nye "krigsmotstanden". Ein har
vore uviljuge til å kritisere slavisk sjåvinisme, og har heile tida freista å
relativisere denne. Den serbiske statsterroren blir sidestilt med isolerte
hemnaksjonar som berre er resultatet av denne. Ein bles opp små hendingar,
som i seg sjølv kan kritiserast, men som når ein ser det i eit større
perspektiv, blir underordna,

Den russiske sjåvinismen som me i lengre tid har sett resultatet av i
Kaukasus, er ikkje berre eit fenomen på topplanet - ein konspirasjon mellom
KGB og mafiaen. Det er ikkje berre makteliten som gjer dette mogleg. Eit
stort fleirtal av det russiske folket støttar denne politikken, og vil nok
fylgje regimet like langt inn i avgrunnen som det serbiske folket gjorde det
i høve til den "serbiske vogga" i Kosovo.

Dei slaviske folka som offer - det er ein strålande tanke for nostalgiske
"sosialistar". For eigentleg er heile den sosialistiske katastrofen eit
resultat av vestleg imperialisme og hegemoni. Sjølv "sosialistane" er offer.
Sosialistane og dei slaviske folka, kanskje kinesarane med. Alle folka i dei
tidlegare "sosialistiske" landa. Då er det ikkje så farleg om ein fuskar
litt med historia, og lagar ein heil haukeflokk av fjører, lam av ulvar - og
gret når "lamma" blir etne av haukane.

Denne historia di, Holen, om kor urettvis den internasjonale domstolen i Haag
skal vera, føyer seg inn i dette biletet. Det har eit snev av sanning, men
ein grip fatt i enkelte personar og enkelte handlingar, Det blir ikkje
heilskap av slikt, og slett inga forståing.

Internasjonal rett har med diplomati å gjera - relasjonar mellom landa og
ein fleirnasjonal (internasjonal) rettsinstans. Det er ein prosess i
endring, men vegen er lang og vanskeleg. Det må ikkje blandast saman med
internasjonal rettferd, for den vegen er enda lengre og enda vanskelegare,
og kan ikkje løysast ved domstolar.

Skal ein ha noko von om å bli teken alvorleg må ein slutte med denne
pirkinga i detaljar. Ein må slutte å opptre som teknokratar, og berre sjå
verda i sektorar og utvalde element som "passar" inn i "systemet" -
propagandaen. Det er nettopp dette herskarklassen gjer.

Sosialistar og kommunistar har diverre fare med mange løgner i det
hundreåret som snart ebbar ut. Det må bli slutt på dette også, for det er
ingen forskjell på sosialistar som lyg, og den lygande herskarklassen. Det
blir dessutan berre patetisk å lyge no når informasjonen flyr fortare enn
tanken.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:08 MET