Re: Seierherrenes justis

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Tue Jan 18 2000 - 15:05:35 MET


Øistein Haugsten Holen skreiv:

>Men artikkelen jeg postet handlet faktisk ikke om hvorvidt krigsforbrytere
>på serbisk side bør straffes. Den handlet om den internasjonale
>krigsforbryterdomstolens nøytralitet.

Eg kjenner ikkje ein einaste nøytral domsstol, men skulle ein skrive side
opp og side ned om dette, ville ein ikkje ha tid til anna.

I Amerika blir domsstolane nytta som brekkstong i "sosialpolitikken" - dvs.
politikken mot dei fattige. I Frankrike har ein i årevis snakka om å skilje
den utøvande og den dømande makta. Framleis er det umogleg å døme
samfunnstoppane som er ein del av det nettverket makta blir utøvd i. Det
hender ein tek nokre syndebukkar på mellomplanet for å redde maska. Men
nøytrale dommsstolar? Aldri!

Eg kommenterte det at du kom trekkjande med denne kritikken berre eit par
dagar etter at Arkan blei liggjande med nasen i vêret. Problema omkring
nøytraliteten til den internasjonale domsstolen i Haag var ikkje den første
tanken eg fekk i hovudet. Og eg er ikkje aleine.

Du føyer deg inn i rekkja av proserbiske kvitvaskarar, Holen, enda alle veit
at konflikten og krigane i det tidlegare Jugoslavia har opphavet sitt i den
sjukelege, nasjonalsjåvinistiske, serbiske makteliten.

Eg har aldri bortforklart overgrepa til kroatiske fascistar, eller for den
saks skuld den albanske mafiaverksemda. Eg er også klinkande klår over den
imperialistiske karakteren til USA og Nato. Men eg held hovudet klårt og let
meg ikkje blende av alle slags "tenkjarar" med kort minne som på død og liv
skal ha oss inn i eit skjema der ulven blir lam, og der hauken drep lammet.

>I mine øyne diskvalifiserer disse punktene krigsforbrytertribunalet som en
>potensiell nøytral og rettferdig domstol. Loven er ikke lik for alle. Du,
>Garvik, er tydeligvis uenig med meg i dette, men du argumenterer ikke for
>ditt syn. Isteden gjemmer du deg bak noen generelle selvfølgeligheter om at
>det ikke bare finnes en "sannhet", og at å tro på en sannhet er
>"udialektisk", osv.

Dette er då heilt på trynet, Holen. Trur du at du har funne opp hjulet ved å
seia at "loven ikke er lik for alle"? Du kjem med påstandar, ikkje fakta.
Men du tek deg litt inn at ved å seia at:

>At seierherrenes justis råder i krigsforbryterdomstoler etter en krig er
>selvfølgelig intet nytt.

Og kva så?

>Ingen bør ha noen illusjoner om at den internasjonale
>krigsforbryterdomstolen for Jugoslavia representerer noe som helst nytt når
>det gjelder internasjonal rettferdighet.

Nei, denne domsstolen representerer kanskje ikkje noko nytt når det gjeld
internasjonal rettferd, men det er vel ikkje det som er poenget førebels.
Sjølvsagt kan ein blande saman internasjonal rett og internasjonal rettferd,
men då blir diskusjonen endelaus att.

Den internasjonale domsstolen i Haag er eit første skritt i retning av ein
internasjonal rettsinstans. Vegen er sjølvsagt lang, og det er altfor
tidleg å
koma med prangande proklamasjonar. Verdssamfunnet har fleire aktørar enn USA
med satelittar. Sjølv dei "alternative" tenkjarane i USA er ridd av denne
etnosentriske, angloamerikanske tanken om at alt på godt og på vondt kan
sporast attende til Amerika. Eg deler ikkje dette synet.

>At bombingen av Jugoslavia innebærer noe nytt er rene fantasier.
>Krigsmakter har påberopt seg humanitære motiver for å gå til krig også
>tidligere.

Når gjekk USA og Nato-Europa til krig på humanitært grunnlag før krigen i
Kosovo/Serbia?

>Det har imidlertid vært gjort seriøse forsøk på å danne en permanent,
>uavhengig internasjonal domstol. Over 160 land samlet seg i Roma i juli i
>1988 for å forhandle fram en slik domstol, men Clinton-administrasjonen
>argumenterte da iherdig for å begrense domstolens autoritet og uavhengighet
>for å beskytte USAs interesser. (...)
>Amerikanske forhandlere krevde innføyninger i domstolens charter som ville
>gi USA vetomakt over enhver tiltale gjennon sin plass i sikkerhetsrådet.
>Disse innføyningene ble forkastet av andre land. (...)
>USA var et av syv land, sammen med Libya, Irak og Israel, som i 1988 stemte
>mot en slik permanent internasjonal domstol. 120 land stemte for.

Ja, heldigvis. Denne oppramsinga er ikkje noko argument mot den
internasjonale
domsstolen i Haag. Det viser berre at spørsmålet slett ikkje er så enkelt
som Holen og dei "alternative", amerikanske tenkjarane du vil ha det til.
USA er berre er aktør, liksom andre land. Rett nok ein mektig og farleg
aktør. Men vegen er som sagt lang, og me er ikkje framme enno.

>Jeg benytter gjerne tekstene til angloamerikanske "alternative" tenkere,
>når de er velargumenterte og saklige. Dessverre klarer jeg ikke å se hva
>det paranoide vrøvlet ditt om "andre, underliggende motiv" og "røykteppe
>for heilt andre ting" egentlig refererer til. Du kan kanskje forklare det?

Hadde det no berre vore velargumentert... Artikkelen til Black & Herman er
ei oppramsing av påstandar og eit samansop av "indisium" som dei har til
felles med andre "tenkjarar" som vakna i mars i fjor, og som brått fekk
det travelt med å vise "the many ironies of the NATO war against Yugoslavia".

Kor var dei i 1989, i -91, - 95 osb.?

Eg er ikkje herja av paranoia, Holen. Det einaste eg reagerer på, og som eg
ikkje kan fordra, er intellektuell uærlegdom - falske profetar, same kor dei
held seg i det politiske landskapet.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:07 MET