hylland-eriksen?

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Mon, 28 Oct 1996 15:46:50 +0000

Er der slik at Hylland-Eriksen (THE) er invitert til å innleia i
ordskiftet om KK og kultur og slikt?

I så fall vil eg gjerne høyra kvifor. Kva gjer THE relevant i eit
ordskifte om kva slags dagsavis "venstresida" i Noreg treng? THE har
uttalt at fokuseringa på dette med rein mat og grensevern i
EU-striden var "reine fascismen" (omtrentleg sitert). Han meiner
altså at ein av dei viktigaste "stolpane" for KK i dag - Nei-Avisa -
er prega av "reine fascismen".

THE er mellom dei rikssynsarane som mest ivrig har stilt opp som
ideologileverandør for unionist-makta, gjenom stendige påminningar om
at nasjonalstaten er daud og veldig passé. Likeeins er det med THE
sine "avsløringar" av at "det norske" berre er ein illusjon, dette
fekk også heilt "tilfeldig" masse merksemd i borgarlege media under
EU-kampen.

At kultur-redaktør Hatlehol i si tid oppretta "Hyllands Hørna" på
kronikksidene til Klassekampen vart møtt med mykje irritasjon og
hoderisting i dei lesarkrinsane eg kjenner til (einaugde alle mann,
sjølvsagt), og kan ikkje vera noko argument for at THE no skal vera
naturleg å trekkja inn i eit ordskifte om Klassekampen.

Eg kan ikkje sjå at det er meir naturleg å ha med THE enn til dømes
Hallgrim Berg eller Turid Birkeland.

forundra helsing

Magnus E Marsdal