Kulturstoffdebatten.

Edb=2Drådet (Ivar.Hellesnes@veths.no)
Mon, 21 Oct 1996 12:36:10 +-100

KK og det utvida kulturomgrepet.

Først litt om Oppropet mot/for KK.
Eg er mellom dei som har skrive under, og er glad for det, endå om eg synst det blei heller snevert formulert. Debatten er i gang, og det er det viktigaste.
Men, Trond A. hevdar at vår kritikk går på "jåleri, utilgjengelighet og ordgyteri", altså FORMA (og tildels stoffUTVALET). Det er eg ikkje samd i. Forma er berre overflata. INNHALDET er viktigare, og det kunne det ha blitt sagt eindel om. Men, kva er RETNINGA på det stoffet som kulturskrivarane i avisa har eller trur/meiner dei har? Kor vil Røssaak? Har han ei retning i det heile teke?
Og finst det eit MÅL?

Kan vi få han ut på bana for å diskutera dette? Er det aktuelt å invitera han til debattmøter for KKs venner rundt om i landet så han kan få treffa "kjernelesarane" sine ("grasrota")?

Når dette er sagt, leiter eg nå om dagen etter dialektikken i debatten, og trass i Røssaak sitt dårlege motinnlegg i avisa er det teikn på at det nyttar(?). Han har mellom anna starta med å oversetta fagorda i utilgjengelege artiklar (dette var faktisk ikkje berre ironisk). Er Røssaak (og Bjerke) tilsnakkelege, og er dei når alt kjem til alt ute på den same vegen - i den same retninga - som eg (og kanskje du?) er? Og kvar er målet deira? Det skal bli interessant å følga med framover, og eg må innrømma at eg les kultursidene med stor interesse for tida, og eg finn mange fine saker. Som eg både i form og m.o.t. utval er samd i bør finnast i KK. Eg nemner i farta artikkelen om Skjervheim, og intervjuet med Skirbekk. Begge bør lesast fleire gonger av KK sine "kjernelesarar".

Men kva med resten av kulturen - idretten? Hasaas gjer seg morosam om idrettsstoffet, det bør han ikkje. Det som har stått av artiklar nå kring idrettstinget er noko ein ikkje finn i nokon annan avis her i landet. Selsjord og Berg analyserer og kommenterer på ein måte som er til å bli klok av. Og klippet fra boka "Kampen om idretten" var og bra (sjølv om eg savna motseiinga "harmoni - kamp" i lista over konfliktdimensjonar i idretten).

Det som kanskje nå må gjerast, er at det blir etablert ein opposisjon att på idrettsfronten. Kan KK vera ein organisator på dette feltet? Det er jo ein av dei funksjonane vi gjerne ser at ei revolusjonær avis har -. I alle høve kallar den rådande idrettspolitikken på eit mot-opprop. Kor er dei gamle heltane som dro Idrettsaksjonen på 70-talet, og finst det yngre raddisar som og har tankar om idretten i eit aggressivt imperialistisk samfunn?

Helsing Ivar Hellesnes