RE:_Trekker_meg_frå_oppropet

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 21 Oct 1996 10:20:04 +-100

Eg var visst uheldig med tidspunktet for å trekke meg frå oppropet, sidan
det stod på trykk i KK same dag med namnet mitt under. Slik kan det gå.

Anders Ekeland skreiv 20.10.96 m.a.:

>Hm... Jeg er enig i at noen av formuleringene i *oppropet* kanskje har vist
>seg å være litt for krasse, mens innleggene i KK - fra folk som er mer eller
>mindre sympatiske til oppropet synes jeg har vært bedre, gjort sitt for å
>dempe ned det alaramistiske inntrykket som oppropet *isolert sett* kunne gi.

Innlegg frå dei som ikkje har skrive under, kan jo ikkje dempe sjølve
oppropet.

>Hvilke(t) innlegg tenker du på?
>Hva synes du om Bjerke, Røssok, Helgheims reaksjon?

Eg skulle gjerne ha svara grundig på dette, men har dessverre ikkje tid
akkurat no. Generelt synest eg at ordbruken frå somme deltakarar på begge
sider har vorte svært krass. Eg ønskjer ikkje å delta i ein
skyttargravskrig.

>>I staden vil eg støtte det som Torgny Hasås skreiv i KKF i går. KK
>>presenterer seg på Internett som "venstresidas dagsavis", og bør prøve å bli
>>eit endå betre verkty for venstresida. Redaksjonen treng sikkert meir
>>ressursar, men bør også sjå kritisk på den måten dei bruker ressursane på. I
>>oppropet og debatten har det kome fram ein del eksempel, ikkje berre på
>>"kvasi-intellektuell tåketale", men på stoff som ikkje forsvarar plassen
>>sin i KK. Eg ber ikkje om sensur, men om ei betre redaksjonell prioritering.

>Men kjære deg Lars - hvordan kan du lese vårt opprop som et rop om sensur?

Det gjer eg ikkje heller, men eg rekna med at nokon kunne lese teksten min
(sitert ovafor) som noko slikt. Derfor tok eg med denne setninga.

M.v.h. Lars Staurset