kultursidenes elendighet

Wenche Blomberg (wenche.blomberg@jus.uio.no)
Wed, 25 Sep 1996 13:39:31 +0100

Heia Trond, for breisida i P-KK 24.sept.!
Har sendt flg. debattinnlegg i dag:

Det intellektuelle jåleriet

Endeleg var det ein kropp som fekk sagt rett fram det mange har tenkt i
lang tid: Kultursidene i avisa er snart ikkje til å halde ut. Mange takk
til Trond Andresen for "Vold som nytelse - og de ynkelige moderne
intellektuelle" 24.september. Det var på høg tid!
Ein gong var kultursidene, såvidt eg minnest, meint å skulle vere
ein integrert del av avisa si politiske line. For eitpar kulturredaktørar
sidan kom ei endring, og sidan er kulturstoffet vorte meir og meir
uleseleg. Det har nå altfor lenge vore prega av jålete hovudfagsessays frå
idéhistorie og litteraturvitskap, frå folk som skal sanke seg innførslar på
produksjonslista si og gjere akademisk karriere. Ikkje kan dei mykje om
politikk og den sosiale røynda dei opererer i, og ikkje ser dei ut til å
vere så interesserte heller. Estetisme og kunst for kunsten si skuld har
erstatta den sosialt nyfikne kulturjournalistikken som plasserte kulturelle
fenomen i ein samfunnsmessig samanheng og gjorde lesarar flest lite grann
klokare. (Heider og ære til Selsjord og Helgheim, som skjønar dette poenget
og har skjøna det heila tida.)
Nå kan det synest som om bokmeldarar og andre er mest opptekne med
å syne kvarandre og akademia kor kloke dei er. Min generasjon sukkar stilt
og kan i sine svartaste stunder ta til å tvila på at framtida høyrer
ungdomen til - iallfall når dei opptrer som her: som keisarfrø, utan ein
tråd.

Wenche Blomberg