Re:porno-bongard (Cupido)

Magnus (marsdal@norconnect.no)
Thu, 12 Sep 1996 15:40:26 +0200

EG SER DETTE UTMERKA INNLEGGET VART RAMMA AV TEKNISK SVIKT, SÅ EG SENDER
DET PÅ NYTT.

"Jeg elsker et stramt Røvhul"
Svar til (m.a.) T Bongard

Eg meiner den ideologiske funksjonen til Bladet Cupido ikkje har blitt å
"opna det seksuelle rommet og utfordra patriarkalsk porno", men å vida
ut det ideologiske rommet for porno. Cupido skil seg klårt frå dei
"glossy", dritvulgære og macho-barnslege pornoblada som har 12 bilete av
Cindy, Lisa, Candy og alle dei andre i alle slags positurar. Cupido gjer
det mogleg for menn og kvinner i øvre middelklasse og i "kultiverte"
skikt av folket å lesa porno utan å koma i konflikt med sitt
standpunkt/sin forakt mot den "dritvulgære" og kvinneudertrykkjande
"folkelege"
pornoen. Cupido er porno for Rita Westwik og andre "intelektuelle".

Det er ingen tvil om at Cupido har greid denne "oppgåva" (dette er ikkje
ein konspirasjonsteori), i lag med ei satsing på kvinnelege
"redaktørar" i andre pornoblad av den litt meir folkelege typen. Det
ideologiske rommet for porno i Noreg i ferd med å vida seg ut, serleg i
det oponionsdannande skiktet av intelektuelle i øvre middelklasse.

Og sjølvsagt verkar det! Når ein fyrst har fått den progressive
akademikarmannen til å kjøpa og lesa Cupido eit antal gonger, og han har
oppfatta dette som noko heilt anna og langt meir "genuint erotisk" enn
porno, blir det ikkje så lett når pornostriden blussar opp att! Når folk
kjem og seier at Cupido er porno! (Overbygningssnekring på eigen praksis
er truleg eit like strekt instinkt hjå moderne menneske som
seksualdrifta...)

Cupido er så vidt eg veit langt lenger "framme i løypa" enn mange av
pornoblada som trykkast i A4-format når det gjeld vald og mindreårige.
Cupido har vorte anmeldt av politiet for å framstilla nakenmodellar som
mindreårige. Cupido er bladet som blandar vald og nyting i sine
"erotiske historiar", for Cupido blir ikkje åtaka! Det meiningssterke
skiktet av opinionen som før ville hylt opp dersom smerte og sex vart
kobla tydleg saman i porno på Narvesen, hyler ikkje lenger. For mange av
dei les Cupido. Og resten kjenner ein eller fleire som gjer det, så
det blir ein kamp å skulle ta eit standpunkt.

Eit døme: Årets beste lesarinnlegg (kåra av Cupido-redaksjonen) for
nokre år sidan hadde tittelen: "Jeg elsker et stramt røvhul" Mannen som
skriv har ikkje lyst på annet enn analsex, han kjenner at han
prostituerer seg når han må gjera det i vagina. Løysinga hans er at han
systematisk barbeider kvinner til å gjera anus tilgjengeleg for seg, og
når han har fått penis i endetarmen, seier han: "...ligger hun der
spiddet på min pikk og føler seg voldtatt, hvilket hu jo også er." Han
avslutter forteljinga med "I mangel på et kvinnelig røvhul har jeg endog
forsøkt med menn. De er ikke like gode, men i mørket er alle katter grå.
Prøv selv." Det er *dette* som er ekte erotikk!

"Bare ikke glem at det røkker i buksene på oss alle sammen, også hos
With og Marsdal, og det går ikke an å overse det. Politisk korrekthet
fjerner det ikke" skriv Bongard. Som altså gjerne vil kjøpa og lesa
Cupido. Sjølv om det sleng med eitt og anna valdteke røvhul. Men for
faen,
når skal det bli slutt på den imbecile lallinga om at det ikkje går an å
bli kvitt puling og anna sex?? Dette er jo ikje noko argument, det er
berre billeg retorikk tufta på propagandaen pornoindustrien ALLTID har
retta mot kvinnerørsla og pornomotstandarane! Det er ikkje Marsdal og
With som splittar fronten mot porno, det er Bongard og alle andre som
hoppar på "løysinga" som Cupido og anna "snill" porno tilbyd folk som
helst vil ha eit sexliv som ikkje er innvevd i dei undertrykkjande
fysiske og ideologiske strukturane mest all seksualitet under den
patriarkalske kapitalismen er innvevd i, fordi dei har eit standpunkt
MOT denne undertrykkjinga. Cupida splittar oss i praksis (folk byrjar
lesa porno), standpunkta fylgjer etter.

I neste omgang blir fylgjen at ingen hyler opp om kva som skjer i dei
dritvulgære blada *heller*, for så mange har sagt A utan å vera klår
over
det, at no får ein berre trå til med ein umælande B. C og D let ikkje
venta lenge på seg. Og her er det masse å kjempa om! Det ideologiske
rommet for porno i har vore mest stengd i norsk ålmente. Folk har lese
porno, ja, men det er ikkje noko ein skryt av, det er ikkje "akseptert"
i ålmenta. Dette er ein heilt annan situasjon enn til dømes Danmark (kor
delar av kvinnerørsla er for porno (flytt sørover Muhleisen!) og det
er utenkjeleg at andre enn kåte 14-åringar vil riva ned H&M-plakatar).
Difor har pornoindustrien en jævla masse å vinna i Noreg.

No gjeld det for alle å velgja ei side igjen.

MAGNUS ENGEN MARSDAL