porno-debatt

magnus (rv@sn.no)
Mon, 2 Sep 1996 16:49:32 +0200 (MET DST)

Martyrar mot porno?
-------------------

(innlegg, på trykk i KK 2/9-96)

Etter Wenche With sin kronikk om porno har det vorte eit ordskifte om
ordskiftet, og lite om standpunkt andsynes pornografi. Slikt kan somme tider
vera nyttig, andre gongar berre avsporing. Sjølv er eg heilt samd i at nokre
av utrykka til With, av typen "dei har hovudet i livmora på jakt etter sitt
eige G-punkt" er eit stykke frå god tone, men eg meiner likevel at dei
ganske klårt utrykker innhaldet: With meiner motdebattantane tek feil
standpunkt i pornodebatten, av di dei for mykje opptekne av eigne seksuelle
behov og for lite av kvinneundertrykkinga og ofra som fylgjer med "genren"
porno. Dette trur eg for øvrig With har ganske rett i, etter å ha lese både
Ingrid Brekke og Wenke Mühleisen sine bidrag.

Svara With har fått (Steffen Borge, Janne Kjellberg m fl) gjev uttrykk for
at With driv ei forferdeleg sjikanering og stigmatisering av motstandarane,
og driv forfylgjing av folk som har "en åpen og bevisst holdning til
kvinnelig seksualitet". Det heftar liksom noko veldig "fundamentalistisk,
70-talet, tilbakelagt stadium, utan respekt for andre" ved With sitt innlegg
får ein inntrykk av. Eg meiner dette er å snu verda på hovudet.
Høgreliberalistane i Kvinner for Porno får då meir enn nok velvillig
spalteplass i storavisene, på same vis som Linda Lek Johansen.

Dei som er stigmatiserte i pornodebatten er dei snerpete, puritanistiske
fundamentalistane som kjempar mot porno, eller "jamrekoret i Kvinnegruppa
Ottar og likesinnede i Kristelig Folkeparti", som Wenke Mühleisen uttrykte
det i intervjuet som starta dette ordskiftet i si tid. Kjellberg skriv: "Ja,
mellom linjene til de eksalterte utbruddene får man inntrykk av at det i det
hele tatt er moralsk suspekt å bli kåt..." Her "profitterer" Kjellberg på
den stigmatiseringa av pornomotstandarane som dei reaksjonære liberalistane
og pornoindustrien alltid har dreve; dei er humørlause snerper som er mot
sex. Påstanden om at vi hatar og undertrykjer seksualitet er altså ikkje
noko nytt for oss som nektar å vurdera porno som "genre" på line med
kriminalromanar (Mühleisen), det litt uvante er at folk som er løna av
Klassekampen no syng med i "seksualitetens frigjeingskor".

Eg vil gjerne at Kjellberg forklårer ein ting: Ho hevdar at "With gjør seg
til talskvinne for en martyraktig dydighet som rir først i korstoget mot
verdens synd og skam". Eg undrar meg over ordet "martyraktig". Å vera martyr
må jo her tyda å ofra noko viktig. Kva er det som gjer With til
"martyraktig"? Ho har så vidt eg kan lesa ikkje hevda at ein skal gje avkall
på sex eller kåtskap, ikkje ein gong onani seier ho noko mot. Kva er då
"offeret" hennar? Er det at With tek standpunktet mot porno og
kvinneundertrykkjing så alvorleg at ho faktisk ikkje kosar seg med Cupido,
Playboy, Lek eller andre "snille" blad (som Ingrid Brekke kalte dei i KK 6.
Mai)? Er det dette som er det martyraktige, at With ikkje seier "den
kritiske posisjonen er en selvfølge for oss opplyste kvinner" med den eine
tunga og så "pornografi er ikke virkelighet, på samme måte som en
kriminalroman ikke er det" (to sitat frå Mühleisen)med den andre? Er det eit
"politisk overkorrekt" offer av With å ikkje meina at det viktigaste no er
at kvinnfolk òg byrjar laga porno? I så fall trur eg vi treng fleire
martyrar og færre "kritiske opplyste kvinner".

Til slutt ein kommentar til Steffen Borge, som hadde eit ganske vellukka
slakt av With sine retoriske overslag, i ein kronikk 27. August. Borge
meiner at With drit seg loddrett ut når ho hevdar at Brekke, Mühleisen,
Feminists Against Censorship m fl er "nyttige hjelparar" for
pornoindustrien. Borge meiner at With bør skjøna at motstandarane ikkje
forfektar ein så absurd posisjon som forsvar av undertrykkjinga i
pornoindustrien. Her meiner eg Borge har mistyda teksten til With. Sjølvsagt
hevdar ho ikkje at Ingrid Brekke har teke standpunkt for pornobaronane! Eg
forstår det slik at With ikkje skriv om det subjektive standpunktet til
motstandarane, men om kva funksjon standpunkta deira andsynes til dømes
"snill" porno vil ha i pornokampen, uavhengig av intensjonane Mühleisen&Co
måtte ha. Det er heilt legitimt og ofte naudsynt å argumentera på eit slikt
nivå, dersom vi ikkje ynskjer ein reint sinnelagsetisk "rutinekontroll" av
eit ordskifte, kor alle melder at "jau då, eg er veldig mot
kvinneundertrykkjing". Eller at "opplyste og kritiske kvinner og feminister
er selvfølgelig mot pornoindustrien", som Ingrid Brekke sa det. Eit
ordskifte kor det er "en selvfølge" at alle står på rett side, så lenge dei
er opplyste, kritiske og dessutan kvinner, er berre egna til å skjula dei
røynlege motsetnadane. At motsetnadane blir skjult vil berre dei som har
kulturelt hegemoni i dag vera tente med, og det er patriarkatet,
reklamebransjen og pornobaronane som har hegemoniet i spørsmålet om kva sex
er for noko.