kultursidene i KK

magnus (rv@sn.no)
Sun, 11 Aug 1996 20:06:15 +0200 (MET DST)

DAGSAVIS ELLER FAGTIDSSKRIFT FOR KULTUR"ELITEN"?

Eg skal kritisera kultursidene i Klassekampen. Dette er det sers vanleg å
gjera for folk som er aktive på den politiske venstresida i Noreg, men for
sjeldan skjer dette skriftleg. Eg skal gje eitt bidrag.

Det er mange problem med kultursidene, skal ein tru kritikarane på
venstresida. Mykje av stoffet er uinteressant i høve til kampen for sosial,
demokratisk omvelting av samfunnet, det er ofte heilt "upolitisert", det er
skreve av folk heilt utan tilknyting til revolusjonært arbeid (og ofte
teori), og det er jålete - skreve av og for ein snever krets av
"kulturvitarar".

Dette er til saman store spørsmål som krev grundige studie av kultursidene
over lengre tid dersom eit ordskifte skal bli vettugt. Dette har eg korkje
tid eller evner til, så eg skal ta opp berre eitt punkt, som eg voner det er
mogleg å gjera noko med.

Stoffet på kultursidene må vera forståeleg! (På same måte som stoffet i
resten av avisa!) Forståeleg for kven? For dei som les avisa, og for dei som
leiinga av avisa vil skal lesa ho. Dette tyder at fagfolk må popularisera
stoffet sitt, tilpassa språk og synsvinklar til det mediet artikkelen skal
prentast i.

Teksten som fekk meg bort tilPCen for å skriva dette innlegget var
"Höldingers vendinger", ein "samtale" mellom Christian Janss og Arne
Melberg, prenta i Magasinet 10.august. Eit sitat, frå intervjuaren Janss:

-Det ser vi kanskje igjen i Hölderlins berømte gåte fra Rhinhymnen, Ein
Räthsel ist Reinantsprungenes, det som springer ut av en renhet eller enhet,
er et sprang fra noe, en atskillelse eller splittelse. Men dette er også et
rytmisk sprang, for å nærme subjektfilosofien til metrikken, en innføring av
et metrum i tilværelsen. Höderlins poetikk er nemlig dominert av rytmiske
termer som cesur, progress/regress, tonens veksling etc. (...)

Ord eg må kunna for å hengja med: Emfatisk, den hermenutiske sirkel, en
ikke-descartesiansk aktivitet, ekskatologi. Og dette berre i fyrste del av
"samtalen", andre del kjem på mandag, ser eg.

Eg kan eigentleg ikkje kritisera Christian Janns, skribenten, sjølv om ordet
jålete melder seg når Janss siterer sin samtalepartnar på "...f.eks "Der
Rhein", som du skriver avhandling om,...". Nei, folk skal få bruka så mange
"fine" ord og jåla seg så mykje dei berre vil for meg, og eg skal ikkje bry
meg med å freista skjelna mellom jåleri og ekte vare. Men dei skal få gjera
det i sine eigne fagtidsskrift!

Sjølv om eg har studert musikk, vil eg ikkje skriva til Klassekampen om kor
interessant det er med bassliner bygd på tritonussubstitutt i jazzen på
40-talet, eller om det karakteristiske ved klangen i dominant-akkordar med
augmentert kvint og none. Klassekampen er ei dagsavis, ikkje noko
fagtidsskrift, difor kan ikkje leiinga for redaksjonen setja på trykk ting
som er typisk fagtidsskrift-stoff.

Truleg vil skribentane ha berre godt av å bli tvunge til å skriva meir
"folkeleg" òg, for ein får jo håpa at dei driv med det dei gjer fordi dei
meiner det er viktig, også for fleire enn dei som høyrer til den snevre
kretsen av teoretikarar.

Dette er eit innlegg det er ganske lett å svara på. Ein kan seia seg samd
eller usamd, evt litt av båe, og argumentera ganske kort. Det meiner eg
kulturredaktøren og redaktøren bør gjera.

Kameratsleg helsing

Magnus Marsdal