MEN KVA MED KLASSEKAMPEN?

magnus (rv@sn.no)
Sun, 11 Aug 1996 20:06:15 +0200 (MET DST)

(DEBATT-INNLEGG TIL KLASSEKAMPEN)

MEN KVA MED KLASSEKAMPEN?

Laurdag 3. august var det nyvalt leiar i Sosialistisk Ungdom, Heikki Holmås,
som hadde æra av å vera den laurdagsportretterte i Klassekampen. Den venta
refleks-reaksjonen frå ein Raud Ungdommar som meg på dette er truleg "Jaha,
SU-leiaren er interessant å portrettera, men RU-leiar Michelet er vel for
"forutsigbart" for "vår" avis? Alle andre (VG og TV2 t d) har vore langt
meir opptekne av RU-landsmøtet, men i den "revolusjonære" dagsavisa er det
Solheim-ungdommen som får boltra seg..." Eg skal la dette ligga, eg meiner
det er heilt på sin plass og ei rett prioritering å laga portrett med ein
mann som Holmås.

Det eg ikkje vil la ligga er: Kva er det KK spør nyvalte SU-leiarar om?

Eg er ikkje kompetent til å skriva ein "kritikk" av portrettet som sådan, og
det er ikkje den formmessige eller språklege sida av journalistikken eg er
ute etter. Eg er ute etter det som skal skilja KK frå andre aviser, det som
skal gjera KK til ei revolusjonær avis, det som skal gjera KK så annsleis og
kritisk at folk gidd å tinga avisa. Eller, i dette høvet, mangelen på slikt.

Eg meiner det er KK si oppgåve, når det blir laga portrett av ny SU-leiar, å
stilla spørsmålet om reform eller revolusjon. Forfattaren Jan Myrdal skreiv
i sin KK-kronikk same dag som Holmås-portrettet: "For en stor del kan
nederlagene - dette unødvendig blodige århundre - forklares med splittelsen
mellom reformister og revolusjonære." Eg er heilt samd i at spørsmålet om
reform eller revolusjon er eit av dei største spørsmåla i vårt århundre, og
det er kampen om dette spørsmålet som i utgangspunktet var, og framleis er,
sjølve eksistensvilkåret for avisa Klassekampen. Diverre er ikkje dette
spegla i intervjuet med SU-sjefen. Alt vi får er:

"-Hva mener du med radikal politikk og sosialisme?
-Du spør om vårt sosialistiske samfunn, sier Heikki og gliser.
-Vi må tilby noe bedre, slår han fast, og snakker om ressursfordeling og
miljøpolitikk. Om demokratisk kontroll med store banker. Om samfunnets beste
framfor bedriftens. Om at folk skal ha innflytelse."

Dette er alt, bortsett frå at vi får høyre at Holmås etter alt å døma "trur
på staten", og at "skal folk få tillit til staten, må staten oppføre seg
skikkelig". Resten dreier seg stort sett om NGS, karriere, rollespel,
PR-kåtleik, Bergen, buekorps og Heikkis vinnande vesen. Eg kritiserer på
ingen måte at dette er med i portrettet, eg kritiserer Den Store Mangelen.

For kva er det av sitatet ovanfor som ikkje kunne stått i Arbeiderbladet,
eller Aftenposten? Kva er det i heile det to-siders intervjuet som ikkje
kunne stått i Arbeiderbladet eller Dagbladet? Kva er Klassekampens politiske
profil? Kva er det KK skriv om og spør om som gjer avisa til eit produkt
folk har bruk for? Og kva er det i dette intervjuet som syner at KK er ei
kritisk avis, serleg andsynes folk i topp-posisjonar, om det er i DNA,
Naturvernforbundet, RV eller SU? I dette høvet meiner eg nett spørsmålet om
reformismen fører fram eller er "konserverande" ville vore eit glimrande
utgangspunkt for eit kritisk og sers interessant intervju med ein nyvalt
SU-leiar. (Det manglar heller ikkje på gode springbrett, fyren har jo Marx
på veggen og snakkar både om "vårt sosialistiske samfunn" og at staten må
"oppføre seg skikkelig".)

Kva er det som gjer at Klasskampen i sitt SU-leiar-portrett i 1996 ikkje
stiller spørsmålet om reform eller revolusjon? Dette må Klassekampen sjølv
svara på. Ikkje journalisten, for dette er ikkje eit individuelt spørsmål,
leiinga for redaksjonen må svare på dette spørsmålet. Eg trur òg at mange
vil vera interesserte i å høyra kva leiinga av redaksjonen meiner om Den
Store Mangelen, og om den politiske profilen til Klassekampen. Kor vil
avisa? Kor vil vi?

Kameratsleg helsing

Magnus Engen Marsdal