P2s nyheitsmorgon

haa@ssb.no
Fri, 2 Aug 96 09:00:46 NST

Hei,
i dag hadde eg paa radioen til frokost, og hoyrde om Chiracs tur til Algerie, og
drapet paa erkebiskopen i Algerie.
Eg vart sinna, av di dekninga var saa kraftig vridd i favoer foerst og framst av
Frankrike. Ho var dessutan full av 'negative vibrasjonar' om FIS.
No er ikkje eg nokon stor tilhengar av teokrati, anten det er kristent, joedisk
eller muslimsk, men litt saklegheit maa ein kunne krevje:
FIS vart konsekvent omtala som 'islamske fundamentalistar' og 'ekstremistar'.
Valet i 92 vart 'avlyst' (ikkje annulert) daa 'det saag ut som fundamentalistane
kunne vinne'. Om eg hugsar rett, vann dei! (valet vart heldt, saa annulert).
Viss ekstremistane er i fleirtal, er dei daa ekstremistar ? Og kvifor stemte 30%
paa desse tullingane ?

OK, GIA _er_ ekstremistar, og dei drep folk som vil la dottera gaa paa
universitet, etc. etc. Dette er likevel ikkje heile biletet.

Frankrikes interesse i Algerie vert forklaara med at 'det er saa mange
innvandrere i Frankrike, at hvis ikke Frankrike har normale relasjoner med
Algerie, saa blir det masse bomber i Paris'. Dette er intellektuelt lavmaal,
eller freistnad paa aa skjule sanninga. Det er sjoelvsagt ein del av sanninga,
men kva med Frankrikes strategiske interessar i Mahgreb ? Kva med kolonihistoria
? Kvifor er det saa mange Algirarar i Frankrike ? Frigjoeringskrigen ?

Foroevrig stod det nyss aa lese at Frankrike har halvert hjelpa til Algerie (6
-> 3 milliardar FF), og flyttar fokus til Marokko.

Sist men ikkje minst: Det var som aa hoyre Hagen: 'Innvandrarar fraa 3. verda =
muslimsk femtekolonne. Den kvite mann vil snart doey ut.' Etc etc.

Bosnia er vaart speilbilde.

Sukk,

Jon