RE: New York Times bedre enn KK?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Thu, 1 Aug 1996 15:22:43 -0400

> Det som følger nedenfor er fra New York Times tidlig i juni en gang.
> Jeg kunne tenkt meg mer slikt stoff i KK.....

> Trond Andresen

Interessant artikkel om Nike. Det er flott at han står i NY Times, som
sikkert når _litt_ vidare ut enn KK -- dei når iallfall lesarar som ikkje
tenkjer på slikt frå før. (Risiko: Dersom sjefane eller aksje-eigarane i
Adidas osv. osv. les artikkelen, får dei kanskje "gode" idear. Eller gjer dei
det allereie på same måten?)

KK bør sjølvsagt ha ein del internasjonalt stoff av denne typen, men først og
fremst "grave der dei står". Kva med ein artikkelserie om Røkke og kvar den
nye rikdommen kjem frå?

Når islendingar fiskar nær norske fiskerigrenser, kallar vi det "smetthol".
Når nordmenn gjer det same på andre sida av kloden, heiter det
"internasjonale farvatn". Kor mange slike stader har Røkke-båtane fiska
tomme, og kva konsekvensar har det fått lokalt? Kva for land har gitt Røkke
fiskekvotar, og kvifor?

Noko av rikdommen kjem frå anna hald enn fiskeria, m.a. statssubsidiar,
eigedoms- og aksjehandel. Er Røkke-folka så mykje flinkare til slikt enn
konkurrentane? ("Alle" blir tydelegvis rike på børsen, men ikkje alle greier
å bli det så fort.) Kan ikkje KK grave litt i dette?

Lars Staurset