KK-redaksjonen misbruker KK-forum!

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Fri, 19 Jul 1996 06:56:02 +-200

For nokre dagar sidan sende eg ein kladd til eit avisinnlegg til forumet,
for å få kommentarar og forslag til forbetringar. Torsdag 18.7. trykte KK
denne kladden, trass i at følgjeteksten gjorde det heilt klårt at dette
ikkje var meininga.

Sakleg er ingen stor skade skjedd. Eg står ved det eg sjølv har skrive,
men reserverer meg mot ei formulering i ingressen. Eg ville ikkje bruke
KK-spalteplass på dette innlegget, fordi det ikkje gjev KK-lesarane noko
nytt; KK har dekt saka (Schengen) svært godt før. Terje Riis-Johansen
hadde forresten same dag eit grundigare innlegg med same vinkling som mitt.

Det som er skadd, er tilliten min til forumet og avisa. Redaksjonen har
funne eit brev som ikkje var til dei, og offentleggjort det utan å spørje
meg som opphavsmann. Skal dei gjere slikt, kan vi ikkje bruke forumet til
å utveksle og finpusse avisinnlegg, og ein kan også bli usikker på kvar
andre innlegg hamnar. Eg ventar at administrator gjev redaksjonen ein
skarp reprimande, og at redaksjonen lovar bot og betring.

Lars Staurset

P.S. Takk til dei som kom med kommentarar. Eg har seinare endra nokre formuleringar og sendt innlegget til lokalavisene i Møre og Romsdal, slik
det var meininga.