Re: Til magnus

rv (rv@sn.no)
Wed, 17 Jul 1996 22:50:30 +0200 (MET DST)

At 13:38 16.07.96 +0200, you wrote:

>
>her begår du samme feilen som erik ness, ved at du antar at alle på
>kk-forum er innforstått med at det er viktig å styrke AKP og "den
>revolusjonære rørsla".

Eg lurar på: Er det eit rett syn på KK-Forum, at ein ikkje bør koma med
meldingar der ein har som premiss at det er viktig å byggja ei revolusjonær
rørsle (utan å ta for gitt t.d. AKP eller RV si rolle i detta, men altså:
"Fram for ei revolusjonær rørsle!")? Eg oppfattar at det er dette Trond A.
meiner, altså at "revolusjon er bra" er for sekterisk til å ha som premiss i
innlegg på KK-F.

I sers mange samanhengar vil eg vera heilt samd i at eit slikt premiss er
sekterisk, Nei-fronten og SOS Rasisme er opplagte døme. Men når det gjeld
KK-F er eg meir usikker, og truleg usamd med TA.

Den "politiske ramma" for Forumet er vel omlag at ein er "knytt til
papir-KK", og vil spegla ein politisk "bredde" omlag lik den avisa skal ha.
Korleis skal ein så definera denne "bredden"? Eg trur at føremålsparagrafen
til avisa kan vera eit bra utgangspunkt. Den kan eg ikkje hugsa ordlyden på,
men det står vel noko om "revolusjonær dagsavis"?

Eg trur ikkje vi skal rekna det som gale å ha "revolusjon er rett og
naudsynt" som premiss når vi skriv til KK-F. Tyder dette at KK-F blir noko
som berre erklært revolusjonære vil vera med i? Nei, eg trur ikkje det!

For det fyrste: Dersom nokon er usamd i dette med å avskaffa kapitalismen,
detta med å byggja ei aktivistisk revolusjonær rørsle, eller er usikker på
kva dei meiner om slike ting, er ingenting betre enn at dei skriv eit
innlegg om nett dét, slik at dei revolusjonære må forsvara standpunkta sine.
Dette kunne vorte rett så friskt, og vonleg ville slikt kunna føra til at
både anti-sosialistar, "tvilarar" og kommunistar får lufta og fornya gamle
tenkjemåter.

For det andre: Eg trur ikkje folk tek skade av det, eller aldri kjem
attende, dersom dei ser innlegg kor standpunktet for ein sosialistisk
revolusjon i Noreg er "premiss", tvert i mot. Denne typen standpunkt er bra
for å få i gang vettuge grunnleggjande ordskifte, i den mun dei kjem seg ut
over dei sirklane kor alle er kommunistar allereie. KK-Forum kan vonleg
bidra til slikt. Papir-KK kunne definitivt gjort det, med sine tusnar av
lesarar. Der i gården er det vel fyrst og fremst det revolusjonære
standpunktet og, hjå dei revolusjonære i KK, den ideologiske sjølvtilliten
og offensiven det skortar på.

Magnus Marsdal

(Eg er samd i at det kanhenda er nok "stil-debatt" no, når slike interne
greier går føre seg i lang tid får ein lett kjensla av at ein har ingenting
på gong i "eksterne" spørsmål.)

--
- rv