Sensur_på_KK-forum?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Thu, 16 Jan 1997 08:50:22 +-100

Ole Christian Hansen har i to innlegg uttrykt meiningar som mange av oss
mislikar og er sterkt usamde i. Andre har argumentert mot han. Begge delar
er bra så lenge innlegga er saklege og innanfor visse etiske og juridiske
grenser. Etter mi meining er ikkje desse innlegga verre enn vi må tole dei,
men eitt som var fullt av skjellsord, burde ha falle for sjølvsensuren hos
avsendaren.

Merk at Hansen i liten grad diskuterer innvandring. Han skriv om folk på
venstresida og deira (vår) haldning til innvandrarar. Det er eit greitt
tema, og KK-forum er vel ein bra stad? Synspunkt frå motsett fløy kan vi
lære mykje av, som Marsdal og Bongard peikar på. (I seinare innlegg har
Hansen teke opp andre saker.)

Tidleg i denne debatten varslar så liste-administratoren at han vil stenge
Hansen ute frå forumet og fjerne det han har skrive. Dette verkar lite
gjennomtenkt frå ein som vanlegvis held fritt ord-fana høgt. Vi kan no
risikere at papiraviser (ingen nemnt) skriv om sensur, til stor skade for
forumet. (Kanskje dei alt har gjort det, for alt eg veit.)

Skal vi så godta kva som helst på forumet? Nei. Vi bør ikkje ha innlegg som
er "meget fjernt fra listas formål, juridisk eller presse-etisk uakseptabelt,
eller sjikanerende", skriv liste-administratoren. Det er eg samd i, men
reglane bør praktiserast romsleg så lenge det er få slike innlegg og dei
ikkje er direkte lovstridige. Upassande innlegg bør vi helst teie i hel, slik
mange nyheitsgrupper gjer. I tillegg kan administratoren som ordstyrar minne
om reglane når det trengst.

Skulle upassande innlegg bli eit stort problem, får vi heller diskutere andre
tiltak.

Lars Staurset