SOS-rasisme

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 19 Nov 1997 18:26:48 +0100

Når eg les innlegga frå leidinga og frå opposisjonen i SOS-rasisme slær det
meg at eg er glad eg ikkje
er aktiv i den organisasjonen. Både juksing og svindel og den endelause
rekkja av påstandar og motpåstandar
frå leiding og opposisjon fungerer som vaksine mot deltaking der i garden -
eg tvilar på om det er so mange
sado-masochistar blant antirasistane at denne organisasjonen no kan venta
seg aukande medlemstal og høgare
aktivitet.
Det burde vel vera noko å tenkja over for dei som er aktive i
SOS-ordskiftet (med eller utan dekknamn)?

PS: Sovidt eg veit har eg skrive dette innlegget utan medverknad frå nokon
fraksjon eller noko parti. Eg veit det
kan vera vanskeleg å tru, men det er sant!

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41