Re: Framtida?

Paal Hellesnes (paal@torsk.feskar.net)
Wed, 19 Nov 1997 10:48:50 +0100 (MET)

Du skriv at "Vi skal vera initiativtakere og inspiratorer, ikke ledere,
laerere og administratorer". Her er vil (delvis) usamde.
Eg er samd i at vi ikkje kan ha ei elitistisk haldning til klassekamp, "vi
veit best", eller at vi ikkje skal ha saerleg rettar etter ei eventuell
revolusjon enn andre. Men samstundes er det jo slik, som du seier, at
sjoelv om oppslutnaden om kapitalismen som system er saers lav blant folk
baade i Noreg og "VEsten", saa er det lite revolusjon ute og gaar. Kvifor
det?
Eg syns det vert for enkelt aa seia at "folk oenskjer ikkje
pakkeloeysingar". Problemet slik eg ser det er tre ting:
1) Folk er mot dei konkrete utslaga av kapitalismen, men har ikkje noko
god analyse av KVIFOR det fungerer som det gjer.
2) Folk er ikkje organiserte i kampen for eigne kaar (i stor nok grad).
Manglande organisering gjer at kunnskap ikkje vert samla, politikken vert
ikkje utvikla, og rotenskapen fortsett.
3) Folk har ikkje tru paa at det gaar an aa skapa eit betre alternativ enn
kapitalismen. Dei ser ikkje noko alternativ - kapitalismen vinn paa
walk-over.
Desse tre faktorane heng noeye saman, og i hoeve til alle tre er vi (den
rrrrevvvoluschjonaere rrrroerrschla ;) ) noeydde til aa spela ei viktig
rolle, baade som leiarar, laerarar og administratorar (organisatorar er
eit betre ord).
1) Vi maa gi folk ei god analyse (marxismen) av KVIFOR kapitalismen er ute
av stand til aa dekka folk sine behov, baade materielt og i hoeve til
demokrati, kultur osb. Det vil seia, vi maa LAERA bort kunnskapen vaar.
2) Vi maa organisera folk i kampen mot systemet, baade i partiar og i
aksjonar, frontar osb. Dette inneber, anten vi vil eller ikkje, eit visst
leiaransvar. Vi maa ofte og vera med og ADMINISTRERA/ORGANISERA
3) Vi maa gjenreisa trua paa sosialismen/kommunismen. Faktisk maa vi nok
gjenreisa visjonen INNAD, blant oss sjoelve foerst, og utarbeida nye
tankar og idear kring nye samfunn, men seinare (OG samstundes) maa vi og
spreia denne visjonen ut blant folk. (inspirera, ta initiativ, laera,
leia, organisera, osb...)

Vi er da for svingande og folk, med i arbeidarklassen osb, eller kva?
Kvifor skal ikkje vi daa vera med og leia/organisera osb?

Kh
Paal Hellesnes