SV: Et rimelig(?) forslag til alle parter

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 13 Nov 1997 11:46:25 +0100

Trond skreiv:
>La oss prøve å komme videre.

Og legg fram eit forslag til "teknisk kompromiss". Svært mykje av det han skriv har eg stor sans for, og eg meinar dette er eit ærleg og konstruktivt utspel. Likevel er eg noko reservert med omsyn til å kommentere det, grunna alle dei kompliserte juridiske og formelle sidene ved det. Derfor har eg med lengsel venta på at nokon med kompetanse på desse områda kunne ha gjeve sitt syn med det - på eit fagleg nøkternt plan, utan for mykje farging av eigen politisk oppfatning. Eg ventar framleis i spaning, og vonar det snart kjem.

Så til Anders Ekeland sine merknader, som skriv sitat:
"Enig, men beskyldninger om ufin utpressing, annonsenekt...det er noen som stadig er først ute med å lage påskuddene for disse verbale trefningene."

Dette er ikkje å retta blikket framover Anders, tvert om. Dessutan vil eg hevda at desse "noen" er nokon lunde jamt fordelt. Eg veit ikkje kven som er, dersom det er nokon, offisiell talsperson for FFVD, men den fyrste som var ute med omgrepet "utpressing" var von der Lippe frå FFVD, som sa flygande på pressekonferansen etter stiftinga: " ..... denne formen for utpressing er basert på kjærlighet til avisen, og ønsket om at Klassekampen skal leve videre." Eg har ikkje fått med meg at denne fråsegna har vorte dementert nokon stad. Rett nok har du sagt at du ikkje er med på utpressing Anders, men du er vel berre ein av fleire medlemmar i FFVD, er du ikkje?

"Ta f.eks annonsenekten - en skikkelig avsporing av debatten."

Ja, men kva var avsporing - Jon Michelet si saklege grunngjeving for å ikkje taka den inn, eller Sigurd Allern sin reaksjon på dette.

"Som redaktørskiftet - også denne gang en meget lett forutsigelig avsporing. Grøftene gravd på feil sted - igjen."

Ver så snill Anders - dette kan vi debattere til vi blir blå i trynet, like fullt vil vi ikkje komme til samme konklusjon. Det nærmaste vi kjem, trur eg, er at vi saman grov ei grøft vi ikkje ser oss så mykje tent med - den drenerer dårleg unna skiten, la oss freista å få lagt den att.

"FFVD fikk masse gratis reklame - og hvis nå annonsen kommer på trykk - jeg sier ikke mer."

Eit godt døme på den positive dreiinga av avisa - ikkje sant!

"Stiller meg bare til rådighet som taktisk sparringspartner for Jon M og styreflertallet i den felles kampen for en avis uten Kristeva, en avis med en ikke-Furet-aktig debatt om sosialismen, med flott utformede debattsider istedenfor desperate forsøk på sportsider. Økning med 1000 abonnenter i året - Erik og meg i vennskapelig kappestrid om å selge flest avisr og gi mest penger."

Flott!!

"Men til saken:
1) Ja til dagens formålsparagraf, ja til TAs plattformforslag.
2) Nei til alternativ dagsavis - herved dementert, nei til utglidning urban
kulturell retning."

Ikkje for å drive med utidig mas Anders - likevel må eg be om å få ein presisering: Er dette eit personleg dementi frå deg, eller kan vi oppfatte denne utalen frå deg som FFVD sin offisielle dementi på at FFVD ikkje ser føre seg ei alternativ dagsavis til KK dersom de ikkje får det nett slik de vil?

MHH Olve Steinset