(no subject)

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 13 Nov 1997 11:30:19 +0100

Astrid Berdal Berg - kva meiner du med dette?

"Enten gjelder det en regel om at alle skal ha samme rett til å bli hørt,
eller så er det noen som tar
avgjørelser på vegne av andre."

Er det slik å forstå at du meiner det er nokon absolutt motsetnad mellom
retten til å verta høyrt og det å ta avgjerder på
vegner av andre (representativ styreform)? Eller er det slik at du meiner å
verta høyrt er det same eller nesten det same
som å få gjennomslag?

Elles lurer eg på kven det er som ikkje har vorte høyrt i denne saka.
Redaksjonsklubben som redigerte og dreiv avisa som kampanjeavis
ei tid? Kritikarane som har fått sleppa til i avisspaltane?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41