Dersom eg skal våge meg på ein spådom så vil eg tru, med den samansetning av folk "foreininga" i dag har og sprik i politisk oppfatning, at det skal bli vanskeleg å få til eit meir konkret formål enn den tåkedott dei i dag har samla seg rundt. Derfor trur eg, at med litt frisk bris frå venstre, så vil mykje av denne tåkedotten løysa seg opp, og fleire av dei flotte folka, som har forvilla seg inn der, kunne ta sikker kurs att. Derfor var det at eg ville du skulle nyansere deg noko - det er ikkje gull alt som glimar, heller ikkje berre møkk alt som stinkar.
Trur ikkje det hastar så fælt med å starte "disk sal" av AKP sine aksjar nett no - det kan vere fornuftig å vente til marknaden har kjølt seg noko ned. Det, som etter mitt syn, hastar noko meir er at J. Michelet konkretiserer noko meir sine planar for avisa framover - strategien. Gjer den kjent slik at fleire og fleire kan få taka del i den. Eg trur det vil verka mobiliserande på mange - ja, så naiv er eg at eg trur det vil kunne mobilisere og opna augo på svært mange av dei som har forvilla seg inn i denne tåkedott "foreininga".
Lat oss argumentere politisk, føre ein ærleg politisk kamp. Å krype attom det politiske skjoldet "AKP kan no ikkje selje ut aksjar" vil berre føre til ein tåpeleg avsporing av ein slik politisk kamp. Eg trur den "feige" lina vil støyte fleire frå enn dei ein vil vinna i ein open politisk kamp.
MHH Olve Steinset