Ved- og vassbering, for kven?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 5 Nov 1997 13:03:31 +0100

Kampen om Klassekampen har i det minste endra karakter - i staden for
(berre) skitkasting blir det no samla inn pengar. Kanskje det er betre,
vi får sjå.

Frå den eine kanten heiter det at å gje pengar direkte til avisa no, er
å bere ved og vatn for AKP. Den andre sida meiner at motiva til "fond
og forening" er uklåre og kanskje tvilsame. Etter det som har hendt,
ser eg ikkje bort frå at begge synspunkta kan ha noko for seg.

Går det no mot ein ny konfrontasjon, eller er det muleg å finne ei
løysing som det kan bli brei semje om? Begge partar seier at dei
respekterer redaktørplakaten, og det er eit godt signal. Slik sett sit
vel den nye skipperen trygt, så lenge han ikkje kjører skuta på grunn.

AKP sit utvilsamt med den eine nøkkelen her. Dersom dei sel seg ned til
under kontrollerande aksjepost, kan ingen påstå at pengar til avisa er
"ved- og vassbering" for AKP. Men så spørst det kven som skal kjøpe
desse aksjane, og her kjem vel fondet inn i biletet. Så lenge det er
uklårt kva fondet står for, er det forståeleg at AKP er skeptisk til å
gje frå seg makta.

Folka bak fondet må derfor ha det første utspelet no. Dei bør snarast
gjere det klårt kva dei ønskjer å oppnå:
- Endre namnet?
- Endre formålsparagrafen? I pakt med Trond Andresen sitt forslag,
eller til noko heilt anna? Godtek i tilfelle AKP forslaget frå Trond?
- Endre redaksjonell linje, stoffval eller vinkling på andre måtar?

Spørsmål til dei som har greie på aksjelov og slikt: Er det muleg å
vedtektsfeste at ingen kan ha meir enn så-og-så mange prosent av
aksjane?

Ei slik problemstilling var sterkt framme i samband med Christiania-
fusjonen tidlegare i år, då Røkke-fløyen ikkje fekk stemme for alle
aksjane sine. Røkke oppnådde det han ville likevel med å bruke
stråmenn, så ein slik regel løyser ikkje alle problem, men han fastset
iallfall deling av eigarskap og makt som eit prinsipp.

Lars Staurset