SV:_Stalin_=28og_Mao=29-debatt_ER_nødvendig!

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 5 Nov 1997 12:28:30 +0100

Trond Andersen skreiv: " Mange av dem som hevder at Anders Ekeland og Karsten V. Johansen sin innbitte insistering på at sosialister og kommunister må avklare sitt syn på
Stalin(ismen) er utidig mas, og at det fortrenger diskusjon om viktigere, aktuelle oppgaver -- har etter min oppfatning et politisk-psykologisk problem: De tilhører en middelaldrende eller eldre generasjon, og er rett og slett *ikke i stand* til å føre en intellektuelt redelig debatt
om temaet, fordi det dreier seg om mesteparten av deres eget liv, og de viker tilbake for å innrømme for seg sjøl at de har støtta seg på en delvis livsløgn. Derfor alle de rare og rørete svara, som har en ting til felles: Man viker unna!"

Eg veit ikkje om du Trond reknar meg blant desse "mange", men ser ikkje bort frå det. Derfor vil eg freista å svare på denne påstanden din. No er ikkje det nokon enkel oppgåve, fordi, dersom eg tilhøyrer desse "mange" så har eg, ut frå din påstand, eit politisk-psykologisk problem, som setter meg ut av stand til å føre ein intellektuell rederlig debatt om slike tema. Det er nettopp slike og liknande karakteristikkar av motdebattantar eg reagerer kraftig mot, og som eg meiner stengjer for ein kvar konstruktiv debatt, og gjer det umogeleg for meg å taka til meg kunnskap de eventuelt måtte rå over.

Sjølvsagt er eg prega av min oppvekst, av mi historie, av alle mine val - rette og gale. Sjølvsagt er noko vanskelegare å taka inn over seg / vedkjenna seg enn anna, å ikkje vedkjenna seg dette berre tull - men Trond, å hevda at ein er "ute av stand til" er det største SPRØYT eg nokon gong har lese. Slike påstandar er mildt sagt vulgær psykologi på sitt verste. Kvar i den psykologiske læra finn du belegg for slike påstandar, og kva for ein retning innan psykologien stør du deg på? Eg ventar spent på ei utgreiing frå deg om dette. Nok om det.

Eg er samd i at det er umåteleg viktig å oppsummere, analysere og læra av historia. Ein føresetnad for å kunne gjera det er at kunnskapen vert tilgjengeleg, ikkje at den vert brukt som "våpen" i ein verbal ord krig mellom "lærde". Dersom desse "lærde intellektuelle" nyttar kunnskapen sin til å hovera over andre, eller forlanger at alle som ein skal kunne delta i deira "intellektuelle duell" der desse "lærde" er eine og aleine premiss leverandørar - ja, så meinar eg at det er heilt rett å rive dei ned frå den pidestall dei sjølv har sett seg på, samme kor smerteleg dei måtte oppleve det å vera. Byd meg gjerne kunnskap som mat for tanken, men byd meg fanden ikkje spy og oppgulp frå eigen muggen historie og forlange at eg skal eta den!

Når eg kasta meg inn på dette forumet, for ca 2 månader sidan, var det for å delta i ein debatt om avisa Klassekampen. Det var ikkje for å bli analysert av slike "lærde" og karakterisert som "Stalinist". Sjølvsagt kan dette vere eit utslag av manglande ordforråd hjå dei, og at ein ikkje maktar å gje utrykk for usemje på annan måte, men eg tvilar på at det hadde så edle hensikter. Ved eit par høve freista eg å møte desse motdebattantane med oppriktig å fortelje kva som var mitt politiske utgangspunkt og at mi "religiøse tid" var historie - det kunne eg ha spart meg for.

Eg vonar at debatten, som no går på forumet, om Stalin kan verta fri for vulgær argumentasjon, og at den kan bidra til å spreia meir kunnskap. Dersom det viser seg at dette vert ein konstruktiv og søkjande debatt skal eg revurdere mitt eige standpunkt om å ikkje delta. Når de viser til litterære kjelder gløym då ikkje at ikkje alle les fransk og tysk like godt - eg ville sett pris på om de kunne oppgje alternative kjelde, dersom det finnast, t.d. på engelsk. På førehand takk!

MHH Olve Steinset