Venstresidas dagsavis igjen

Svein Lund (sveilund@online.no)
Mon, 03 Nov 1997 18:04:03 +0100

Re: VENSTRESIDAS DAGSAVIS

Karsten Vedel Johansen svarar på innlegget mitt om ka venstreside-foreninga
vil. Det er fint å få reaksjonar på debattinnlegg, men dessverre er han
ikkje i nærleiken av å forsøke å svare på spørsmålet. Eg må likevel få
komme med eit svar til nokre av motangrepa hans.

" Hvis AKP-uavhengige sosialister ønsker å kjøpe aksjer i KK slik at AKP
mister sin majoritet da bør de ikke selge! Man må da stille
premiespørsmålet: under hvilke betingelser *bør* AKP selge fra seg
majoriteten? Hvem skal kjøpe aksjene om ikke andre sosialister (som er
uenige med AKP på en rekke områder)? Nyttige idioter uten selvstendige
meninger? Borgerlige? Altså og inntil det motsatte er bevist: AKPs maktbruk
og metoder mot KK-redaksjonen var ikke tilfeldige og uheldige feiltrinn. De
var et ledd i å forhindre at partiledelsen mistet
kontrollen med avisa. På samme måten som uavhengige sosialisters deltakelse
i RV blot er tenkt å sikre at den dogmatiske kjerne i AKP kan skjule sin
fortid og sine reelle hensikter bak nok en falsk kulisse av "demokrati" og
"fornyelse"."

Eg er ikkje for å hindre nokon å kjøpe aksjar, med unnatak for organiserte
framstøt for å omdanne den einsaste sosialistiske dagsavisa i Noreg til ei
borgarlig avis. Slik sett vil eg meine styret i Klassekampen eller
noverande aksjonærar, deriblant AKP, f.eks. måtte kunne hindre eit forsøk
på oppkjøp frå Orkla eller Schibsted. Den nystifta foreninga har erklært at
dei ønsker ei anna avis enn dagens, men ikkje ka slags avis. I dagens
Klassekampen (mandag) kjem det fram at nokre i foreninga vil beholde
føremålsparagrafen, mens andre ønsker ei avis for heile "sentrum-venstre",
altså inkludert dagens tre regjeringsparti. Det er her eg etterlyser ei
avklaring. Det har frå nokre debattantar på "venstresida" blitt sagt at AKP
kan beholde kontrollen med 20% av aksjene og at partiet derfor må selge seg
ned til langt under det. Dersom målet for foreninga er å samle opp ein stor
pengesum for så å kjøpe opp AKP sine aksjer om dei blir lagt ut for sal,
vil foreninga altså aleine kunne skaffe seg aksjemajoritet. Så lenge dei
ikkje har eit felles program for ka dei vil omdanne Klassekampen til, burde
den tanken skremme fleire enn meg.

Eg spurte om dei ville tilbake til "Ei redaksjonell linje for å halde alle
avgjerder i Klassekampen sine styrande organ skjult for lesarane."
På dette svarar KVJ bare med eit motspørsmål: "Hvem var det som holdt sine
avgjørelser og sin kritikk skjult for offentligheten og tilmed for
redaksjonen i KK inntil kuppet var en realitet?"
Greitt, KVJ, du skal få det inn med teskjeier: Vedtaka på
generalforsamlinga i vår har aldri blitt offentliggjort gjennom
Klassekampen trass i oppfordring frå styret. Som aksjonær har eg til dags
dato trass utallige purringar ikkje fått svar på ka som skjedde med dei
forslaga eg sendte inn til generalforsamlinga. (Denne kritikken går begge
vegar, for noverande styre har heller ikkje svart.)

Eg har skreve dette innlegget for å stille spørsmål til
venstresideforeninga. Eg vonar at nokon frå denne foreninga kan forsøke å
svare på disse spørsmåla istaden for å bare rette skytset tilbake.

Til slutt er det bare å slå fast at vi er grunnleggande usamde om kem/ka
venstresida er. Gjennom kommentaren til KVJ: "Hvem ellers tegner den
politiske venstresiden?" (Enn SV og RV) viser han tydelig at andre
organisasjonar, aksjonar og uavhengige einskildpersonar ikkje er noko å bry
seg om. Eg ber alle lesarar lese denne fantastiske forakten for folk som
ikkje er organisert i RV / SV ein gong til og merke seg denne:
"Den gamle (A)KPske illusjon om at det eksisterer "masser" som er til
venstre utenom de faktisk eksisterende politiske strømningene er et
velkjent element for å fastholde
en dogmetro sekt i drømmen om å være en politisk fortropp for brede masser
som "egentlig" ønsker å følge "den korrekte linja"."
Det finst ei mengde partipolitisk uavhengige flotte
fagforeiningsaktivistar, naturvernarar, Nei til EU-aktivistar osv. som
Klassekampen bør samarbeide med og gjerne få som aksjonærar. Dei blir
sikkert glade for å få vite at dei anten er ein illusjon eller ikkje
tilhører venstresida.

"Skal biskoppene inn som aksjeeiere i KK? Hvem er det som her avgjør hvem
som er venstre og høyre og når de er det? Det skulle vel aldri være
sentralkomiteen i et visst miniparti som sitter inne med lakmuspapiret?"
Ja, kem er det som avgjør kem som er venstresida? Eg har nettopp forsøkt å
vise at uttrykket er uklart og problematisk og at det ikkje finst noko
heilt klart svar. Det er Anders Ekeland og KVJ som har definert venstresida
presist til SV+RV. Ei avis som skal vere "heile venstresida si avis" etter
denne definisjonen er eg minst like skeptisk til som til Kristen Nygård si
avis for "samholds-Noreg". Sjølv om SV gikk tilbake og RV fram ved siste
valet er framleis SV eit ganske mye større parti. Det er ingen tvil om at
når dei etter 25 år ikkje har klart eingang å forsøke å lage dagsavis på
eiga hand, ville dei ikkje hatt noko i mot å få kontroll over "venstresidas
dagsavis".
Trur nokon at ei avis dominert av Kristin Halvorsen, Erik Solheim & Co
ville bli redigert etter dagens føremålsparagraf? Ønsker dokker erin ny
føremålsparagraf, så få det på bordet!

Svein Lund

PS. Frå kjemien meiner eg å hugse at lakmuspapiret ikkje blir brukt til å
skille mellom høgre og venstre, men mellom basisk og surt. Tisynelatande
slår KVJ ut på raudt, men innhaldet er som ved raud lakmusreaksjon heller
surt.