Det hadde vore greit...

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Mon, 03 Nov 1997 10:57:23 +0000

...om vi alle hadde teke utgangspunkt i kva folk i røynda skriv på KK-f,
og ordskifta ut frå det!

"De fleste Stalinforsvarere er, av lettforståelige grunner, uerklærte,
men ikke desto mindre lette å kjenne igjen"
...skriv Karsten Johansen som forsvar for at han omtalar dei som
"dominerer debatten" på KK-f som "innbitte Stalinforsvarere".
Karsten: Eg kan ikkje hugsa at nokon i heile forumet sin historie har
forsvart Stalin innbitt. Kva du trur at folk meiner er di eiga sak, men
slutt med personkarakteristikkar på grunnlag av at du syns at det er
"lett å kjenne igjen" folk!

Venleg helsing Pål