Det påståtte AKP-kuppet i SOS-rasisme

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 24 Oct 1997 13:14:18 +0100

"Informasjonen" her på KK-forum om det påståtte AKP-kuppet er noko
forvirrande. Iallfall for
meg som er utanforståande. Påstandar om kupp, fysisk utkasting, trugsmål og
anna vitnar jo om at
noko er grunnleggjande gale. Anten med dei som eventuelt driv med slikt
eller med dei som eventuelt
ser seg tent med å framstilla stoda slik utan at det er grunnlag for det.

Meldingar av det slaget som hittil har vore - har slett ikkje vore
opplysande. Det bør dei helst vera
eller som kan dei etter mitt syn berre la vera å bruka KK-forum til slikt.

Kva etterlyser eg: Ein nøktern gjennomgang av stoda og førehistoria til
denne striden slik dei ulike
partane ser han - og av alle dei momenta dei ulike partane meiner er relevante.

So kan me etterpå diskutera om det som har skjedd (skjer) er eit kupp, kven
som fortener støtte og på kva grunnlag
o.s.b.

Er det ikkje rimeleg å leggja fram premissa føre ein inviterer til (eller
krev) støtte for konklusjonane?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41