Re: kupp i SOS

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Fri, 24 Oct 1997 14:15:55

At 12:25 24/10/1997 skreiv xxxxxx <xxxxx@online.no> (alias
xxxxx.solberg@xxxxx.telenor.no):

>Her er det mye desinformasjon ute og går fra de som
>kjører fram dette med kupp fra AKPs side i SOS-rasisme.
> ...etc.

Det høyrest mystisk ut, og det er vel ikkje første gongen det har vore
humbug med pengar i organisasjonar og parti på "venstresida", (eller andre
stader for den saks skuld). Slike ting kan ALDRI godtakast sjølvsagt. Det
er tydeleg mykje forskjellig informasjon ute og går. Kva som er
desinformasjon er vanskeleg å seia. Det eg har lese til no, verkar heller
tåkete, og når ein attpåtil ikkje kan signere meldingar med anna enn x'ar
og Ottar, blir det ikkje betre...

Oddmund Garvik