Dag og Tid

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 23 Oct 1997 08:50:42 +0100

Dagens utgåve av vekeavisa Dag og Tid har RV-leidaren Aslak Sira Myhre si
rolle i striden om KK som hovudoppslag (mestedelen
av framsida + dobbelside). Dag og Tid lever opp til sitt eige sjølvbilete
som ei kritisk avis, men diverre er ho berre kritisk
til Sira Myhre og AKP. ÆMerk her at eg ikkje meinte at avisa skulle vera
ukritisk til Sira Myhre eller AKPÅ

Det er ikkje lenge sidan avisa ymta frampå (på leidarplass) om at dei
målfolka som støtta arbeidet for ein ny KK-redaktør i
neste omgang ville øydeleggja Dag og Tid.

Det er vel berre slik det er i media ... so lenge det er både uavhengig,
radikalt og kritisk er det vel slik det skal vera???

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41