(no subject)

Olve Steinset (olves@online.no)
Sat, 18 Oct 1997 18:27:34 +0100

Lars Staurset
Du var ikkje nøgd med svaret mitt, og det må du sjølvsagt ha lov til.
Likeins hevdar du at eg prata meg rundt spørsmålet, kan hende gjorde eg
det, men det var ikkje med overlegg. For sant og sei så har eg ikkje
reflektert så mykje over det, teke stilling til det. Det skreiv eg, og
etter mi vurdering, nokså klart i mitt svar til deg. Faktisk Lars, meinar
eg at det er ei ærleg sak å innrømme det, framfor å konstruera eit fiktivt
standpunkt.

Heilt konkret tyder dette at eg vil følgje med på denne debatten, samt det
som blir skreve og referert på desse sidene i KK, og ut frå dette gjera meg
opp eit standpunkt. Argumenterer du godt for ditt syn Lars skal du ikkje
sjå bort frå at vi kan verta samde i dette spørsmålet.

Heilt til slutt må eg berre få lov til å sei at eg ikkje synest dette er
det mest brennaktuelle temaet for meg no (legg då merke til at eg her
snakkar om MINE prioriteringar, ikkje ka andre skal prioritera), i ein
situasjon der avisas eksistens står på spel - derfor Lars, får du halda meg
unnskyld for at eg først og fremst, no i ei tid frametter, vil prioritere
andre spørsmål. Til dømes å verva fleire abonnentar til avisa, skaffe avisa
stoff/skribentar, få opp laussalet og debatten om avisas formålsparagraf.

MHH Olve Steinset

At 11:40 18.10.97 +0200, you wrote:
>"Kva meiner folka bak Michelet-oppropet om sportssider?" Dette spørsmålet
>stilte eg her på forumet 17.10. Så langt har eg berre sett svar frå Pål
>Steigan (som er skeptisk) og Olve Steinset (som pratar seg rundt
>spørsmålet). I tillegg har andre (som vel ikkje var med på oppropet)
>uttrykt skepsis.
>
>La meg presisere: Poenget er ikkje om KK-lesarane kvar for seg er
>interesserte i sport eller ikkje, men om dette er eit tema som KK skal
>bruke ressursar på å dekkje. Eg kan ikkje sjå at det er spesielt
>"radikalt", enn sei "revolusjonært", å ha reportasjar om fotball og
>langrenn på elitenivået. Er sportssider i så måte betre enn dei utskjelte
>kultursidene til Røssaak?
>
>Direkte spørsmål til redaktøren: Har du planar f.eks. om å sende eit
>reportasjeteam til Nagano-OL? Kva vil det koste, og kva anna vil det gå
>ut over?
>
>Ei side ved dette, men kanskje ikkje den viktigaste, er at KK likevel
>ikkje vil kunne konkurrere med Dagbladet og VG på dette området. Sporten
>vil neppe skaffe KK særleg mange nye lesarar.
>
>KK bør sjølvsagt halde fram med kommentarar og analysar av sport som
>"sirkus for massane" og om korleis kapitalen tek makta over idretten.
>Reportasjar frå breiddeidrett (som annan folkeleg kultur) bør også ha sin
>plass.
>
>Lars Staurset
>
>