RE:_Kva_er_revolusjonært_med_sportssider=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Sat, 18 Oct 1997 11:40:46 +0200

"Kva meiner folka bak Michelet-oppropet om sportssider?" Dette spørsmålet
stilte eg her på forumet 17.10. Så langt har eg berre sett svar frå Pål
Steigan (som er skeptisk) og Olve Steinset (som pratar seg rundt
spørsmålet). I tillegg har andre (som vel ikkje var med på oppropet)
uttrykt skepsis.

La meg presisere: Poenget er ikkje om KK-lesarane kvar for seg er
interesserte i sport eller ikkje, men om dette er eit tema som KK skal
bruke ressursar på å dekkje. Eg kan ikkje sjå at det er spesielt
"radikalt", enn sei "revolusjonært", å ha reportasjar om fotball og
langrenn på elitenivået. Er sportssider i så måte betre enn dei utskjelte
kultursidene til Røssaak?

Direkte spørsmål til redaktøren: Har du planar f.eks. om å sende eit
reportasjeteam til Nagano-OL? Kva vil det koste, og kva anna vil det gå
ut over?

Ei side ved dette, men kanskje ikkje den viktigaste, er at KK likevel
ikkje vil kunne konkurrere med Dagbladet og VG på dette området. Sporten
vil neppe skaffe KK særleg mange nye lesarar.

KK bør sjølvsagt halde fram med kommentarar og analysar av sport som
"sirkus for massane" og om korleis kapitalen tek makta over idretten.
Reportasjar frå breiddeidrett (som annan folkeleg kultur) bør også ha sin
plass.

Lars Staurset