Ste pe for Klassekampen !

Ottar Uglum (ouglum@vestdata.no)
Thu, 16 Oct 1997 20:28:46 -0700

Stå på for Klassekampen.

Ja - så vart det Jon Michelet. Vi hadde vel eigentleg ikkje venta oss noko anna. Vi som
har vore med på "leiken" ei stund og kan lese både på og mellom linjene hadde vel ei
aning om korleis dette ville ende. No må vi gje Michelet og KK ein tjangs til å vise kva
dei får til !

Vi kan nok no vente oss ei viss endring av den redaksjonelle lina. Det som no er
verkeleg spanande er om dei som seier seg å vere KK sine vener verkeleg er så gode vener
at dei fortset å abbonere og kjempe for avisa sjølv dei som kanskje ikkje fekk den
redaktøren dei ønskte og kanskje heller ikkje får den redaksjonelle profilen dei aller
helst ville ha. Det er nemleg nausdsynt for KK å halde på alle abbonentane og aller
helst få fleire.

Eg meiner det er no er viktig å starte ein abbonementskampanje. Denne kan ein gjerne
rette mot særlege miljø der ein ønsker å markere avisa. Det kan td vere ymse folkelege
organisasjonar som fagrørsla der eg er aktiv. Men då må det naturlegvis verte fulgt opp
av stoff som er av nytte. Det er lenge sidan fagrørsla verkeleg har hatt nytte av KK. Mi
fagforeining abbonerar på Dagens Næringsliv og Bergens Tidende for få nytt frå
næringslivet. KK må ta mål av seg til å bli like nyttig men naturlegvis med ei anna
vinkling.

Michelet seier han vil satse på ungdom, det meiner eg er eit positivt signal.
Sportssatsing er eg litt meir i tvil om. Til journalistane som vil slutte vil eg sei at
eg respekterer deira beslutning, dei har ikkje fått god handsaming frå styrefleirtallet
særleg i denne sisste striden. Men eg vil likevel oppmode dei til å tenke seg om. Vil
dei fortsette må dei naturlegvis respektere formålsparagrafen til KK og følge den.

Oppmodinga om å selge KK i laussalg fyrste veka kvar mnd er og viktig. Men eg trur det
er vanskeleg å nå opp til det nivået vi hadde på laussalg i våre "velmaktsdagar". Det er
nok abbonentar som må vere grunlaget for avisa.

Eg vil og nytte høvet til å oppmode KK til å knytte til seg skriveføre folk som kan
levere stoff til avisa frå td fagrørsla frå heile landet.

Eg håpar tida for krangling er over og at vi no kan jobbe konstruktivt for å behalde KK
som ei frisk og uredd dagsavis for venstresida. Som eg innleia med - gi Michelet og KK
ein tjangs. Ei "politisk korrekt" partiavis som kan ende som vekeavis trur eg ingen er
tent med - eg trur også svært få ønsker det.

LUKKE TIL og STÅ PÅ. Det er no det viser seg kven som verkeleg er KK sine vener !

Ottar Uglum
Høyanger



--

************************************************************** "Mine" Internettsider :

Heimeside : http://www.vestdata.no/~ouglum/index.htm Sogn og Fjordane RV :http://www.vestdata.no/~ouglum/rvsf.htm Høyanger RV : http://www.vestdata.no/~ouglum/rvh.htm LO i Høyanger : http://www.vestdata.no/~ouglum/loh/loh.htm **************************************************************