Midtausten skuggar for verda

From: oddm@altern.org
Date: 13-07-02


Det er tendensar til sterk fokusering på krigen i Palestina i den norske
"pressa" for tida, forstår eg. Også KK-forum ser ut til å vera prega av
denne trenden...

Oddmund Garvik

http://www.dagogtid.no/arkiv/2002/28/media

<<<<<<<
Dag og Tid nr. 28, laurdag 13. juli 2002

Media:
Midtausten skuggar for verda
I mai laga norske medium kvar dag fleire saker om Palestina-konflikten
enn dei laga om konfliktane i Tsjetsjenia, Colombia og Angola på heile
månaden.

Noralv Pedersen
noralv@dagogtid.no

Torsdag 2. mai skaut den marxistiske geriljaen og kokainmafiaen Farc ei
heimelaga bombe mot kyrkja i den vesle landsbyen Bojayá i
Chocó-provinsen i Colombia. Minst 119 sivile, blant dei 45 born, som
hadde søkt tilflukt i kyrkja, vart drepne. President Andrés Pastrana
samanlikna tragedien med den israelske offensiven i den palestinske
flyktningleiren i Jenin, der minst 50 menneske, mange av dei sivile,
vart drepne.
Korkje Aftenposten, Bergens Tidende eller NRK Dagsrevyen fann det
interessant å dekkja hendinga. Dei hadde fylt opp utanrikskvoten sin med
dei daglege artiklane og innslaga frå konflikten på Vestbreidda, Gaza og
i Israel.

Mørklegg landa i sør
Dømet er ikkje eineståande. Dag og Tid har gjort ei oppteljing i arkivet
til NRK Dagsrevyen, Aftenposten, Dagbladet og Bergens Tidende for mai i
år. I denne perioden presenterte dei fire media fleire saker om
Palestina-Israel-konflikten kvar dag enn om konfliktane i Tsjetsjenia,
Colombia og Angola på heile månaden.

- Store deler av verda er i ferd med å gli ut av synsfeltet vårt, skreiv
Midtausten-medarbeidar Nathan Shachar i ein kronikk i den svenske avisa
Dagens Nyheter 24. mai i år.
- Overrapporteringa frå konflikten mellom palestinarar og israelarar
fører til ei mørklegging av Afrika, Latin- Amerika og store deler av
Asia, heldt Shacher fram.

Midtausten-eksperten får norsk støtte.
- Forsking viser at stoff frå konfliktar i utviklingsland har store
vanskar med å få gjennomslag i redaksjonane, seier Rune Ottesen,
professor ved journalistutdanninga, Høgskolen i Oslo.
- Det er ikkje krigane, drapa eller den menneskelege lidinga i seg sjølv
som er avgjerande, men om dei har noko med «oss» å gjera, om dei rører
ved den tryggingspolitiske sfæren vår.

Ottesen viser til den amerikanske lingvisten og samfunnskritikaren Noam
Chomsky som snakkar om verdige og uverdige offer.
- Dei verdige offera er dei me identifiserer oss med; dei uverdige er
dei me kan velja bort, som dei i Tsjetsjenia, Angola og Colombia.
Ottesen hevdar dette djupast sett handlar om korleis me verdset eit
menneskeliv:
- At me er i stand til å velja bort menneske, fortel at me ikkje har det
universelle humanistiske menneskesynet me likar å tru at me har.

Oslo-prosessen
Kva botnar så den store norske og euro-amerikanske interessa for
Palestina-Israel-konflikten i? Kvifor får norske journalistar
detaljrapportera frå Midtausten og velja å sjå vekk frå andre
konfliktar?
- Noreg oppfattar seg sjølv som aktør i fredsprosessen mellom
palestinarar og israelarar. Dette gjer at pressa og politikarane ser
konflikten som ei viktig sak for Noreg, seier Helge Rønning,
medieprofessor ved Universitetet i Oslo.
Rønning viser dessutan til at norske medium er sterkt påverka av
anglo-amerikanske kjelder, som han hevdar skriv meir om Midtausten enn
den kontinentale europeiske pressa.

Holocaust-spøkjelset
Odd-Bjørn Fure, historieprofessor ved Universitetet i Bergen, peikar på
tre andre hovudårsaker.
- For det fyrste har det israelske folket hatt ein fundamental
innverknad på europeisk kultur. Dei sivilisatoriske verdiane våre er
formulerte av dette folket. Dette gjer at israelarane og staten Israel
har ei særstilling i Europa.
Den andre årsaka er det Fure kallar «den europeiske katastrofen»,
utryddinga av seks millionar av europeiske jødar under den andre
verdskrigen, utøvd av eit europeisk regime.
- Holocaust-spøkjelset har hange over oss sidan den andre verdskrigen,
tyngre i dag enn for berre tjue år sidan, hevdar Fure.
- Di lenger vekk frå katastrofen me kjem, di meir uforståeleg vert han.
Drapet på dei europeiske jødane har vorte eit nullpunkt for europearar,
eit referansepunkt for samanbrotet til sivilisasjonen.

Fure peikar også på ei tredje årsak:
- Palestina-Israel-konflikten har potensial til å verta ein regional
storkonflikt, som me korkje finn i Angola eller Tsjetsjenia. Også på den
måten kjem Midtausten i ei særstilling, seier Fure og viser til at
Israel har atomvåpen.
- Skulle det stå om eksistensen til staten Israel, er få i tvil om at
israelarane kjem til å bruka desse atomvåpna.

Det gløymde Tsjetsjenia
Sjølv om Fure tykkjer Palestina-Israel-konflikten fortener stor plass i
norske medium, seier han at andre konfliktar hamnar i skuggen.
- Det er katastrofalt og skammeleg at Vesten har neglisjert konflikten i
Tsjetsjenia, der stormakta Russland fører ein brutal politikk mot ein
etnisk minoritet.

Fure hevdar at det etter 11. september har skjedd ei massiv global
nedgradering av menneskerettane.
- Russland-USA-alliansen i krigen i Afghanistan gjev Russland suveren
rett til å føra kamp mot terror, men det er ikkje dekkjande for
konflikten i Tsjetsjenia. Det finst terrorisme på tsjetsjensk side, men
framferda til Russland kan ikkje kallast anna enn uakseptabel
statsterrorisme, seier Fure.

© Dag og Tid
>>>>>>>



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 13-07-02 MEST