POT-infiltrasjon

From: oddm@altern.org
Date: 13-07-02


Oppslaget i KK http://www.klassekampen.no/nyheter/100047 om
POT-infiltrasjonen i RV kom ikkje uventa. Sjølv her på KK-forum finst
det sikkert eit øyre, eller to som er kopla til "hjernen" til POT, eller
PST som det no heiter.

Eg har tidlegare kommentert kampanja for "Innsynsretten" ved å avvise
denne som reint illusjonsmakeri. I desse sakene er paranoia eit betre
prinsipp enn blåøygd tru på "demokratiske rettar", for ikkje å snakka om
"verdiar". Ingen trur vel på rame alvor at Lund-kommisjonen endra noko
som helst. Herskarane har tvert imot trappa opp og utvida overvakinga,
og infrastrukturen er blitt meir subtil og transnasjonal.

Det har for meg vore heilt uaktuelt å be om innsyn i mappa mi. Kvifor
skulle eg legitimere dette skodespelet? Poenget må heller vera å halda
rottene på avstand - bruka "rottegift" så og seia. Datatryggleik kan
vera slik "rottegift". Oppbyggjing av alternative, uavhengige nettverk
og kanalar for datakommunikasjon er ei anna form. Til sjuande og sist må
ein sjølvsagt halda fram med å mobilisera motstanden mot dette
røykteppet som veltar inn over oss - dette som i mitt land blir kalla
kampen mot "l'insécurité" og mot "l'immigration clandestine", den
såkalla "ulovlege innvandringa", og som er blitt eit påskot for alle
slags overgrep. Dette som i USA med vasallstatar heiter "krigen mot
terrorismen", der obskure krefter sit i skuggjen og bles opp heilt
disproporsjonerte "trusselbilder", som det heiter på sjargongen, berre
for å halda oppe krigs-, stål- og oljeindustrien m.fl., godt hjelpte av
visse "media", visse "intellektuelle" og visse "kulturpersonar" - og av
likeløysa og apatien til dei mange.

Så er det fritt fram, trur dei.

Det er alltid dei svake og marginale som blir råka først. Til slutt sit
ein der med støvlar og uniformer rundt seg på alle kantar.

Også av denne grunnen er ein open debatt om kva som førde til at
sosialismen no ligg i ruinar, heilt nødvendig. For denne "sosialismen"
hadde dei same elementa i seg. Det var den obskure makta som rådde også
i "folkedemokratia". Ja, sjølv i eit lite perifert parti som AKP (m-l)
var det lugubre tilstandar i så måte. I dag er partiet knapt skuggjen av
det vesle det var, så ein kan trygt la AKParane segla sin eigen sjø. Men
for mange var dette partiet i si tid ein oase, eit springbrett for
karrierer, glorie og makt. Makt er rusmiddel, og diskusjonen om dette
rusmiddelet er til alle tider eit svært så aktuelt tema, same kva slag
form det kler seg i.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 13-07-02 MEST