Litt statistikk

From: oddm@altern.org
Date: 13-07-02


Eg har i lengre tid hatt moro av å fylgje med på statistikksida for ei
gjennomsnitts, norsk, venstreradikal vevside - Nei til Nye Nato:
http://home.online.no/~ivajoha/nato/

Det handlar sjølvsagt nok ein gong om liv og lære. Enkelte på
"venstresida" skriv fingrane av seg for å slakte Micro$oft sine
proprietære programvareløysingar, og manar til meir bruk av fri
programvare. Det er ingen dårleg politikk, men korleis er det eigentleg
i røynda? Vel, den nemnde statistikken fortel at desse oppmodingane
ikkje har nokon verknad. Det er også slik at mange av dei mest ihuga
"tilhengarane" av fri programvare, desse som skriv fingrane av seg om
dette, sjølve nyttar dei monopolistiske løysingane til Bill Gate$.

Og då så....

Det finst svært detaljert informasjon på statistikksidene til NTNN,
ikkje berre om browserprogram og operativsystem. Ein finn IP-adresser,
"referrer"-informasjon og anna. Alt i alt slike ting som viser at folk
på "venstresida" (eg går ut frå at fleirtalet av dei som er innom desse
sidene tilhøyrer denne kategorien), at desse surfar som folk flest, dvs.
med hovudet under armen, ved hjelp av storebror Gate$ og dei andre
lakeiane. Kva hjelper det å skrive artiklar om overvaking, om PST og
POT, om CIA, FBI og NSA, om Echelon og Carnivore, når ein ikkje er i
stand til å ta dei minste forholdsreglar, for i det minste å gjera
arbeidet deira litt vanskelegare, dvs. verne seg sjølv og retten til
privatliv.

Det er slett ikkje vanskeleg å setje opp eit litt sikrare system, eit
system som ikkje sender usynlege meldingar i aust og vest kvar gong ein
loggar seg på nettet, eit system som ikkje liknar meir på ein gamal
rusta tesil enn eit moderne, effektivt datasystem.

Datatryggleik er eit spørsmål som har mange sider. Nokre freistar å tena
pengar på det - marknadsfører dyre løysingar som berre staten, bankar,
store industrigrupper og transnasjonale selskap kan koste på seg. Men
ein kan oppnå tilsvarande resultat, kanskje enda betre utan at kostar
stort. I mitt eige tilfelle har det ikkje kosta anna enn ein del lesing
og tenkjing.

Mange meiner kanskje at dette ikkje er så viktig. Men det finst nok av
slike spørsmål i grenselandet mellom liv og lære. Kva skal det bli til
om alle let seg temje av "marknaden", av konvensjonane og den minste
motstands veg? Kan ein verkeleg forlange å bli teken alvorleg når ein
gjer så lite for å setja idéane sine ut i livet ved å byrja med sitt
eige liv? Slike spørsmål kan avisast eller oversjåast som "moralisme",
men før eller seinare blir ein nøydd til å gripa fatt i dette. Korleis
kan ein t.d. problematisere klimaendringar om ein fyrer med olje, køyrer
bil kvar dag, og reiser med fly både titt og ofte? Før eller seinare
råkar ein veggen. Og då har ein stelt seg slik at det er best å halda
kjeft. C'est la vie ! Sjølv om sumaren...

Den mest nytta browseren på sidene til Nei til Nye Nato er:

MSIE 89.44% (den "obligatoriske" Internet Explorer som er velkjend for å
vera full av tryggjingshol. Integreringa av denne browseren i
operativsystemet til M$ var dropen som fekk begeret til å renna over, og
som førde til rettsaka mot firmaet til Gate$. Mange brukar i tillegg
mailprogrammet Outlook, enda det er like velkjend at dette er ein
"støvsugar" for virus og trojanar...)

Netscape blir berre bruka av 9.81% og under rubrikken "other" - 0.70% -
på sidene til NTNN finn ein alle dei andre gode alternativa: Opera,
Mozilla, Galeon, Lynx, Links osb. Eit ørlite mindretal m.a.o.

Når det gjeld operativsystem, dominerer framleis "løysingane" til Gate$:

Windows 95.20% - Mac 2.82% - Unix 0.97% (der over halvparten
representerer underteikna) - Other 0.98%

Fleire kommentarar er vel overflødige. Ein finn statistikken her:
http://extremetracking.com/open?login=neinato

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 13-07-02 MEST