Gamal og ny antisemittisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 13-07-02


Når det gjeld diskusjonen om antisemittisme, trur eg det kan vera greitt å
kjenna litt til diskusjonen om "gamal" og "ny" "antisemittisme". Mange
israelske aviser har nokså jamn dekking av "veksten i den nye
antisemittismen". I vinter var det eit større oppslag med to autoritetar på
feltet - Per Ahlmark og Michael Melchior, i avisa Haaretz. Når dei skulle
forklara skilnaden mellom "gamalt" og "nytt, la dei vekt på at den gamle
antisemittisme var mot "jødar", medan den nye var mot "den jødiske staten".
(Eg har ikkje lenger peikar til denne artikkelen). Dette meiner eg er
trenden i israelsk debatt om dette.

Sidan eg primært er for ein demokratisk stat for alle tre religionar (islam,
jødedom, kristendom), kjem eg såleis klårt innanfor definisjonen av "ny
antisemittisme". Det gjer utan tvil også Ahmed Rami (men eg er uviss på om
han kjem innanfor definisjonen av "gamal" antisemittisme - noko mange av
venene hans utan tvil gjer). Eg avviser dette for min eigen del - men bed
folk vera merksame på at det internasjonalt er svært varierande praksis på
kva definisjon ein legg til grunn (i Tyskland ville eg vel vore "antisemitt"
etter vanleg omgrepsbruk i pressa?)

Beste helsing

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 13-07-02 MEST